Fekk 47.742 pantekroner

Pant Sørøyane Røde Kors har fått nesten 50.000 kroner frå Pantelotteriet.  Foto: Katrine Lunke

Nyhende

Sørøyane Røde Kors fekk i fjor 47.742 kroner gjennom Pantelotteriet.

Av lokallaga elles i fylket var det Spjelkavik Røde Kors som fekk mest frå Pantelotteriet i 2017, nærare bestemt 119.143 kroner. Deretter kjem Molde Røde Kors med 76.839 kroner og Aalesund Røde Kors som fekk 61.688 kroner.

På landsplan fekkI Raude Kors 37 millionar kroner frå Pantelotteriet i fjor, noko som er ny rekord. 539.900 kroner gjekk til Raude Kors her i fylket, noko som inneber ein auke på 80.000 i høve il året før.

Siden starten i 2008 har Pantelotteriet tilført Raude Kors 195 millionar kroner. Pantelotteriet er dermed ei av dei viktigaste inntektskjeldene til organisasjonen. Halvparten av pengane går til Raude Kors sin lokallag.

- Raude Kors legg for tida særleg vekt på oppvekstfeltet, og vi ser at aktivitetar for born og unge aukar kraftig over hele fylket. Men pengane betyr sjølvsagt mykje for hjelpekorpsa våre, som har stadig fleire oppdrag. Det trengst både oppgradering og nye investeringar til utstyr som vert nytta både til sjøs og til fjells. Vi er svært takksame for at folk her i fylket vel å støtte oss med panten sin, seier dagleg leiar i Møre og Romsdal Røde Kors, Tore Nedregård.