Vi vil ete grønt, men smak er viktigast

God helse for kroppen og god helse for jorda er viktig når folk vel mat no. Globale trendar som gatemat, vegetar og fermentering er in, gjerne med norsk glans.

Hamburgartrenden held fram, men den skal helst vere heimelaga frå grunnen av. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Denne veka er det første av tre lanseringsperiodar i år, der matvareselskapa presenterer nye produkt. Nokre trendar veks fram, og nokre produkt bommar fullstendig.

– Det viktigaste er alltid smaken, men den sterkaste trenden er framleis helse, dersom ein framleis kan kalle det ein trend då, seier produktutviklingsdirektør Edel-Anita Westhagen i Orkla til NTB.

Orkla ser at forbrukarar i større grad tar val basert på miljøfotavtrykket til maten. Det inntrykket kan seniorrådgjevar John Spilling i Ipsos bekrefte.

– Den store trenden frå siste undersøking i 2016 var også helse, men inntrykket var då at personleg helse var forbi eit toppunkt og interessa litt på veg ned. Det som kom sterkt inn, var berekraftstrenden, som no er etablert med fleire trendomgrep: Miljø, vegetar og kjøttbekymring har vakse, seier Spilling, som i mange år har jobba med undersøkinga Norske Spisefakta.

Burgerbonanza

Sjølv om nordmenn er opptatt av sunt kosthald og livsstil, er dei er også veldig opptatt av å kose seg, og smaken er alltid viktigast når vi handlar. Trass veksande kjøttbekymring er kjøttkonsumet gått opp, hjelpt av blant anna ein sterk burgartrend dei siste åra. Men burgaren skal gjerne vere laga frå botnen, det heimelaga og tradisjonelle er framleis sterke trendar.

– Ein trend som glutenfrie produkt har fått mykje merksemd, og sjølv om kanskje berre 3 prosent er allergiske, seier rundt 20 prosent av befolkninga at dei ofte eller alltid tar omsyn til gluteninnhaldet i maten. Omgrepet har vore litt moteprega og kritisert, men er neppe på veg ut, seier Spilling.

Uttrykk som derimot blir mindre brukt no er «lågkarbo» og «light». Uttrykk som hyppig går igjen i nye produkt er «naturleg» og ikkje minst fleire sukkerfrie og saltreduserte produkt.

Kombo

Tommelfingerregelen for suksess er å ikkje gå for fort fram når noko nytt blir introdusert, for nordmenn treng tid for å legge om matvanar. Orkla trur på fleire plantebaserte produkt, men at dei kan komme i form av variantar av folkefavorittar, som pølser og burgarar med høgare innhald av grønsaker, sopp og bønner.

Globale trendar kombinert med norske råvarer og tradisjonar er i vinden. Trendar med fermentering og tarmhelse fører til popularitet for norske tradisjonar som speking og tørking.

Mat i farta og små mellommåltid er in, streetfood-trend frå Asia, særleg frå Japan og Filippinane, kan dukke opp i ein grenselaus fusjon mellom norske råvarer og asiatiske teknikkar, spår Orkla.

Pizzabom

Men det er ikkje alltid kombinasjonar blir ein knallsuksess.

– Eg tenkjer på kebab-grandiosaen frå fem år tilbake, den gjekk ikkje så bra. Folk likar kebab, og folk vil ha frosenpizza. Men ikkje saman. Så det var lærdom. Folk vil ha laks, og dei likar pølse, men ikkje nødvendigvis saman, seier kommunikasjonssjef Bjørn Brennskag i Orkla.

Ei nyheit frå i fjor som kan ha bomma litt på nordmenns ganevanar, er sjokoladepizzaen til Dr Oetker.

– Den var noko nytt og vart ein hype for norske forbrukarar. Mange ville prøve, og det vart selt 170.000 sjokoladepizza på berre 15 veker. Men som pizza vart det ingen vinnar, fordi gjenkjøpet ikkje stod i stil til prøvinga. Sjølv om den ligg i pizzafrysaren, er den eigentleg ein dessert, og nordmenn et ikkje så mykje dessert, seier salssjef for Dr. Oetker i Norge, Jørn Skaug.