– Vi har ein del like interesser som igjen bidrog til at eg fortare fann meg til rette i miljøet. Du kjenner deg litt tryggare og meir inkludert som student rett og slett. Det er også mykje enklare å sjå korleis yrket kan verte for meg når eg er ferdig utdanna, fortel Jon-Åge.

Etter ei ringerunde Vikebladet Vestposten gjønomførte til alle barnehagane i Ulstein og Hareid kom det fram at det berre er Gnist Holstad på Hareid samt Tryggheim, Sætra og Vikemarka i Ulsteinvik som har mannlig ansatte.

Rollebilde

I løpet av dei tre åra du utdannar deg som barnehagelærar, skal du ha hatt ein mannleg praksislærar i ein barnehage. Dette er for å gi dei mannlege studentane eit meir realistisk rollebilde. Student Jon-Åge Røyset (32) frå Hareid syns det er veldig kjekt og givande å få eit mannleg perspektiv frå pedagog Ivar André Aadland (37) frå Ulsteinvik.

Meir leven

Ivar André har jobba i barnehage i mange år og trivs godt. Han kan fortelje at han i hovudsak er i barnehagen fordi han elskar å jobbe med barn.

– Det er ein fin tilverelse for meg å jobbe i barnehage.

Latteren sit laust når dei får spørsmål om dei har personlege eigenskapar som bidreg til miljøet:

– Eg tilet meir, ler Ivar. Mine grenser går ikkje der dei kvinnelege tilsette sine grenser går, og det vert ofte eit samtaleemne i ettertid. «Var det for farleg ditta der no då», er ei setning eg kjenner godt til. Det er sjølvsagt noko vi må diskutere, men eg syns det er greitt å la ungane prøve litt meir innan rimelegheitas grenser. Eg godtek også meir lyd og leven og vi finn ofte på heilt annleis aktivitetar enn damene. Ungane elskar slike herjeleikar som å rope «BØ» og springe etter dei.

Ut av komfortsona

Karane er også einige i at dei er meir fysiske og at dei brukar større bevegelsar i leik. Dei kan også overraske og utfordre barna på ein positiv måte:

– Eg hugsar godt den gongen eg tok heile barnehagen med ut på ein lang skitur. Då var det svære auge og stort engasjement. Det var litt tøft for enkelte også, men dei fekk prøve ut og teste egne grenser. Det var ein flott og minnerik dag for meg som mann i barnehage, fordi eg fekk alle litt ut av komfortsona, minnast Ivar.

Noko Ivar André og Jon-Åge registrerer som er veldig likt mellom menn og kvinner i barnehageyrket, er tolmod.

– Det treng du mykje av! Og det er absolutt ein eigenskap begge kjønn har lik fordeling av.

Viktig yrke

– Kva har dykk å seie til dei menn som vurderer å utdanne seg til barnehagelærar?

– Du har veldig stor fridom i måten du jobbar på og ingen dag er lik. Du får fysisk aktivitet og står nok oppi meir artige situasjonar gjennom ein arbeidsdag enn om du skulle sitje på eit kontor. Men det er veldig viktig at du også kjenner dine personlege eigenskapar godt, for det er visse krav til både samhandling og kommunikasjon i eit slikt yrke. Dei spora du legg igjen i barnehagen er med barna vidare til skulen, og det er noko å ta på alvor, samstemmer karane.

Borna syns er tydeleg fascinert av at Ivar André og Jon-Åge tek eigarskap over leikehytta på uteområdet. Foto: Beate Muren.