Leiaren:

Ting kan tyde på at valkampen allereie er i gang

Les leiaren til redaktør Linda Eikrem her.

Hareid kommunestyre har tidlegare vedteke at helsehuset skal byggjast her på denne tomta. Helsehuset skal vere del av «miljøgateprosjektet» og romme mellom anna legesenter og helsestasjon.   Foto: Arkiv/Anne Gry Eilertsen.

Nyhende

Ting kan tyde på at valkampen allereie er i gang, eit og eit halvt år før kommune- og fylkestingsvalet.

I torsdagsavisa kom lokalpolitikar Oskar Grimstad (Frp) med ei breiside mot administrasjon og politisk leiing i Hareid kommune. «Vi har hatt stillstand i utviklinga i Hareid i tre, fire, ja kanskje fem periodar», sa han, og heldt fram:«Det har vore mangel på målretta politisk leiing i Hareid i mange år.»

Det er nok mange som støttar Grimstad og meiner det skjer for lite i Hareid. Spesielt synleg er det når dei ser til Ulstein og Herøy, som dei siste åra har bygt både kulturhus og badeanlegg.

Hareid kommune kom seg ut av Robek-lista i fjor sommar, etter fjorten år under statleg kontroll. «Det skal bli godt å kome seg ut, men økonomien er likevel stram og vi kan ikkje bli lausslupne», sa ordførar Anders Riise den gongen. Og ingen kan vel skulde Hareid for å ha vore slepphendte med pengar den siste tida.

Kanskje er det Robek-spøkelset som lurer? Ei frykt for å hamne på lista igjen? Uansett er det grunn til å minne om kommunereformdebatten for nokre år sidan. Hareid bestemte seg for framleis å vere ein sjølvstendig kommune. I eit lesarinnlegg i lokalavisa skreiv Kjetil Nesset frå Folkelista følgjande om at kommunen snart var ute av Robek:

«Dette gir oss som kommune handlefridom, moglegheit til sentrumsutvikling, kultur og idrettsanlegg, tilrettelegging for næringsliv, og sikrar god kvalitet inn i alle kommunale tenester.»

Ja, kanskje skjer det lite på Hareid. Men då må dei som har ansvar, ta ansvar. Også dei som måtte ha ambisjon om å verte ordførar i kommunen.