Får to millionar av Riksantikvaren

Polarstar får førehandstilsegn på to millionar kroner for 2019.

Her frå då Polarstar kom heim til Brandal i august, ei stor hending for mange i regionen.  Foto: Ragnhild Vartdal/Arkiv.

Nyhende

Riksantikvaren fordeler 61,8 millionar kroner til fartøyvern i 2018. Tilskota går til antikvarisk istandsetjing av freda og verna fartøy over heile landet.

Ishavsskuta Polarstar er ikkje blant dei som får i år, men fartøyet står like fullt oppført med førehandstilsegn for 2019, der det står at Riksantikvaren gir den ikoniske båten 2 millionar kroner. Det melder Turid Åsheim i kommunikasjonseininga til Riksantikvaren i ei pressemelding.