– 90 % av landets kinoar har avtale med eit byrå om nasjonal kinoreklame, og saman med lokal kinoreklame utgjer dette er ei viktig inntekt for kinoen, fortel kinosjef Kristine Brungot.

Ho informerer vidare at inntektene den nye avtalen kan gje, vil betre muligheitene til å oppretthalde eit godt tilbod, men samstundes og til å gjere investeringar i nytt utstyr og likande.

– Reklameinntekter er viktige inntekter for ein kino - ikkje minst for små og mellomstore kinoar. Dei kan gje kinoen betre moglegheiter til å gjere små og store investeringar som kjem publikum til gode.

Startar seinare

Sjøborg kino har hittil kun hatt lokal reklameavtale med Osberget, som også leverer reklame til dei andre kinoane på Søre Sunnmøre. I tillegg har desse kinoane også nasjonal reklame.

– Avtalen vår med Osberget vert ikkje endra, og for oss er den lokale reklamen aller mest viktig. Det er viktig at lokale bedrifter får støtte kinotilbodet vårt.

Åge Grimstad ved Fanstastiske Osberget er særs positiv til den nye kinoreklameavtalen og ser ikkje noko problem med at lokal reklame delar visningstid med nasjonal.

– Det er heller overraskande for meg at ikkje fleire lokale aktørar tek i bruk kinoen som ein meir aktiv portal for markedsføring. Du får eit annleis innblikk i lokalmiljøet ved å sjå reklamene deira på storskjerm, ytrar han til Vikebladet.

For publikum betyr den nye avtalen at sjølve filmen startar seinare enn før. Reklametida vil vere på seks minutt og filmane vil starte automatisk. Brungot håper dette er ei endring som vil  gjere at publikum kjem seg på plass i god tid før filmen byrjar og lyset går av. Med den nye avtalen kjem det i, tillegg til lengre reklametid, endringar utanfor kinosalen.

– Vi får med det fyste nye skjermar i kinofoajeen. Her skal vi vise filmtrailerar og lokal reklame på kvar sin skjerm. Dette er eit nytt tilbod til dei lokale annonsørane, avsluttar Brungot.

Foto: Beate Muren