Trafikkulukke ved Eiksundbrua

Eldre mann omkom

Eiksundsambandet er no opna att etter dødsulukka på Eiksundbrua. Vegen har vore stengd heilt sidan klokka 16.00 i dag på grunn av bilulukka der ein eldre mann miste livet.

Trafikkulukke i Eiksund måndag ettermiddag. Foto: Tipsar.  

Lange køar Vegen vart stengd ved Eiksundbrua etter ulukka og det danna seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden. Biletet er frå Britahaugen ved Havågane. 

Nyhende

Politiet melde måndag ettermiddag om ei trafikkulukke ved Eiksundbrua i Eiksundsambandet. Alle naudetatar var raskt på ulukkesstaden.

I følgje vitne på staden har det vore ei møteulukke mellom en personbil og ein varebil.

Omfanget av ulukka var ei stund ukjent, men tre ambulansar var komne til staden, i tillegg til redningsbilar frå brannvernet.

Klokka 16:31 meldte politiet via Twitter at det skal ha vore ein front mot front-kollisjon, der ein av førarane blei lettare skadd, medan den andre føraren, ein eldre mann, no er bekrefta omkomen.

Det har danna seg kilometerlange køar på kvar side av ulukkesstaden.

Først etter 22.00 vart Eiksundsambandet opna for trafikk etter ulukka.