(NPK-NTB): Det viser ei undersøking Kantar TNS har gjennomført for NHO Reiseliv.

Av dei som har tenkt seg bort denne vinteren, svarar 51 prosent at dei skal vere i Noreg. Det er ein auke på 3 prosentpoeng frå vinteren i fjor.

Til saman 45 prosent av dei spurde svarar at dei planlegg ei ferie- eller fritidsreise i tida fram mot påske.

11 prosent har planar om å reise i vinterferien, mens resten har kryssa av for ein eller fleire helgeturar eller reiser på ei veke eller meir utanom vinterferien.

I år har vi fått ein snørik vinter med gode skiforhold, påpeikar direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv. Ho er derfor ikkje overraska over at mange vel ferie her heime.