Ifølgje politiloggen ønskte mannen hjelp til å avslutte ein heime åleine-fest.

Mannen følte at han ikkje hadde kontroll over situasjonen og han var redd ting skulle verte øydelagt, sidan det brått kom veldig mange gjester.

"I panikk ringde han politiet for bistand", heiter det i politiloggen frå helga.

Sosiale medier

Då politiet kom til staden, var alt i orden.

- Det er bruk av sosiale medier på festen som førte til at det som var ein privat og avgrensa fest, plutseleg vart ein fest for "kven som helst" og ein fest som kom ut av kontroll, seier lensmann Hans-Eirik Pettersen.