Ulstein formannskap vedtok samrøystes å ta ut tiltaket som sa at kommunen kan løyse opp krinsgrenser og starte ein prosess med sikte på å ha tre barneskular. Men resten av skissa til omstillingspakke tok dei til vitande. Oppstart kan skje frå vedtaksdato etter ei skjønsvurdering, heiter det i vedtaket. Dei ber rådmannen framleis sikre god involvering når tiltaka skal setjast i verk. Formannskapet skal få løpande rapportar gjennom året om framdrifta.

Ulstein ønskjer å spare inn 10 millionar i år, 20 millionar neste år.

Barnehage

Barnehage er oppført med to punkt. Ved å få ned driftskostnadene ved den kommunale barnehagen i Sundgotmarka, blir det færre kroner å betale ut i støtte til dei private barnehagane. Men kommunen vil også lage ein ny barnehageplan og vurdere å opprette fleire kommunale barnehagar. Det vil koste kommunen å investeringskroner, i bygg og liknande, men på sikt reknar dei med at dette er noko dei kan spare på.

Eigedomsskatt

Ulstein kommune har vedteke å innføre eigedomsskatt, men dei vil bruke færre kroner på å krevje inn skatten.

Mindre løn

På lista står også nedbemanning. Det blir ein kombinasjon av sluttpakke, ordinære oppseiingar og ikkje erstatte naturleg avgang. Her er innsparingane for 2018 estimert til 800 000 kr, 5,4 mill. i 2019.

Det skal sparast i overtidsbetaling.

Vidare skal tilsettingsstopp og stramt innkjøpsregime vidareførast. Kommunalsjefane vil vurdere enkeltsaker, men har høg terskel for kjøp og tilsettingar i 2018.

Arealeffektivisering

Ulstein kommune vil ha ei meir effektiv bruk av eige areal, til dømes sal, flytting, sambruk osb.

Samanslåing

Eit av tiltaka er samanslåing av Ulstein kompetansesenter og avdeling for Inkludering og mangfald i Ulstein. Her kjem færre flyktningar og dette vil føre til betre kostnadskontroll på dette feltet. Her er det estimert innsparingar på 1,2 mill. i 2018, 2,4 mill. i 2019.

Der står også at ein kan slå saman Ulstein Fjernvarmeselskap og Ulstein Eigedomsselskap KF. Her kan det sparast på felles styre, felles kapasitet på leiing m.m. 200 000 kr i 2018 og 400 000 i 2019.

Fleire omorganiseringar

Det er fleire tiltak med omorganiseringar for å spare pengar. Dei skal sjå på avdelingsstrukturen i omsorg, styringslinjer, vikarbank med meir. Når det gjeld organisering av nattevakt vil kommunen sjå på flytting av brukarar med sikte på færre omsorgsbasar.

Det er også aktuelt å gjere omorganisering av administrasjonen. Dei vil sjå på leiarstruktur, samordning av stab/støttefunksjonar, inkludert mellomleiarstruktur og politisk sekretariat.

Det er alt gjennomført ei omorganisering av bygdestova. Frå nyttår vart 1,2 stilling fjerna, USAS-personalet tar drifta.

Og det er aktuelt med felles sentralbord med Vanylven.

Dyrare hall-leige med meir

Det kan vere aktuelt å setje opp prisen på hall-leige, etter kommunen har investert stort i hallkapasitet og idrettsanlegg.

Kommunen vil i lag med budsjettansvarleg gå gjennom alle leverandørar. Det skal også vere ein lisensgjennomgang. Og dei skal sjå på finansavtalar.

Ulstein skal sjå om dei kan betale ut mindre i økonomisk sosialhjelp. Kulturskulen får 35 veker undervisning i staden for 36. Dei vil spare pengar på å leggje ned skulebiblioteka i sentrum og samla ferie-SFO på ein skule. Og kutte meir i kultursektoren, som omlegging av tilsynsvakter osb.

Les også:

Her finn du sakspapira til Ulstein formannskap med saksframlegget.