Tiltalt for køyring i narkorus

Ein tjue år gamal mann må møte i retten, tiltalt for køyring i narkorus i Ulsteinvik sentrum.

Sjøgata i Ulsteinvik  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Ifølgje tiltalen, som er teken ut av ein politiadvokat, skjedde køyringa i Sjøgata på ettermiddagen ein torsdag i august i fjor.

Mannen skal før bilturen ha kjøpt rundt 30 gram hasj, heiter det i tiltalen.

Han er no tiltalt for å ha kjøpt og brukt narkotika, og for køyring i narkorus.

Rettssaka mot mannen kjem opp i Sunnmøre tingrett 28. februar.