Hareid: Tre bilar involvert i trafikkulukke

Ein person er sendt til sjukehus og to til legevakta, etter ei trafikkulukke på Hareid tysdag morgon.

  Foto: Tipsar

Nyhende

Politiet melder tysdag morgon at tre køyretøy er involverte i ei ulukke i Hareid sentrum. Naudetatane er på staden og melder om lettare personskade.

Vegen er stengd på staden, men trafikken vert dirigert om andre vegar.

Det har danna seg lange køar.

Har du bilde? Veit du noko om saka? Ta kontakt på tlf. 48066495