– Avskilstinga av lærarar blir opplevd som ei kraftig nedvurdering og rammar yrkesstoltheita. Legg prestisje til side, og opphev vedtaket om tilbakeverkande kraft, heiter det i oppropet som Utdanningsforbundet, Skolelederforbundet, Musikernes fellesorganisasjon og Skolenes landsforbund står bak.

På under ein månad har over 36.500 underskrive oppropet «Nei til avskilting av erfarne lærarar», noko som gjer det til det tredje mest støtta oppropet gjennom tidene på Opprop.net.

Underskriftene vart overlevert saksordførar Kent Gudmundsen (H) i Stortingets utdanningskomité på Løvebakken tysdag formiddag.

KrF stemte mot seg sjølv

– Lærarar ønsker å ha relevant kompetanse når dei underviser, det er ikkje problemet. Men – vi vil ikkje at nye kompetansekrav plutseleg skal få tilbakeverkande kraft. Prisen har vore høg. Vedtaket har demotivert ei rad lærarar, dei opplever det er blitt langt vanskelegare å bytte jobb, mange lærarar pensjonerer seg tidlegare enn dei ønsker – og samtidig har bruken av ufaglærte i skulen no blitt rekordstor. Slik kan vi ikkje ha det, seier leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal til NTB.

Stortinget behandla tysdag fleire forslag om å ikkje gi kompetansekravet regjeringa innførte i fjor tilbakevendande kraft for lærarar som utdanna seg før 2014. Det er reelt fleirtal på Stortinget for å skrote krava, men KrF, som har fremma eitt av forslaga, må paradoksalt nok stemme mot sitt eige forslag og dermed gi fleirtal for regjeringas politikk, fordi dei er bundne av budsjettavtalen med regjeringa før jul.

– Denne kampen er på langt nær over, og vi skal fortsette den til den er vunnen, seier Handal.

Kompetansekrava regjeringa innførte i fjor inneber at alle lærarar må ha fagleg fordjuping dersom dei skal undervise i norsk, matematikk, engelsk, samisk og teiknspråk. I skuleåret 2017/18 er det 27.823 lærarar (5,6 prosent) som ikkje oppfyller krava til utdanning, ifølgje tal frå GSI.

– Avhengig av fagleg fordjuping

– Mange nok og gode lærarar er viktig for elevane. Derfor er eg glad for at eit fleirtal på Stortinget framleis seier ja til kompetansekrava vi innførte i 2015, skriv kunnskapsminister Jan Tore Sanner til NTB i ein kommentar til motstanden mot kravet.

– Prinsippet bak kompetansekravet er ganske enkelt: Vi meiner at ein matematikklærar skal ha fordjuping i matematikk, ein norsklærar i norsk og ein engelsklærar i engelsk. I dag manglar for eksempel ein av tre lærarar som underviser i matematikk tilstrekkeleg fordjuping for å oppfylle kravet. For å sikre at elevane lærer meir på skulen, er vi avhengige av lærarar som har fagleg fordjuping i det faget dei underviser i, seier han.

Sanner seier Solberg-regjeringa har sørgd for ei historisk satsing på etter- og vidareutdanning slik at kommunane skal kunne sørgje for at lærarane oppfyller kompetansekrava innan 2025.