Nye krav til legevakta gjer at det må vere ekstra helsepersonell på vakt ved sidan av legen.

Det blir også arbeidd med eit interkommunalt samarbeid mellom legane på grunn av kompetansekrav, samtreningskrav og organisatoriske krav gjer det særs vanskeleg å halde på dagens organisering av legevakta, men dette arbeidet er ikkje i mål.

Det må difor setjast i verk strakstiltak, som ein helsesekretær som kan bistå legen på vakt. Hareid kommune har alt løyvd pengar til dette tiltaket. No gjorde Ulstein kommune det. Ut frå erfaringar siste åra justerte dei opp inntektene. Inntektene kjem frå pasientbetaling og refusjonar som turnuslegane jobbar inn og refusjonar frå andre kommunar som nyttar fastlege i Ulstein.