(Møre-Nytt):

Trafikkulykkene hadde tragisk utfall. I ulukka ved Eiksundbrua omkom ein eldre mann, og ved Sulesund ei kvinne.

Ulykkene skjedde omtrent samstundes, og medførte store utfordringar for trafikkavviklinga.

– Aldri skjedd tidlegare

– Det har aldri skjedd tidlegare at vi har fått slike alvorlege ulykker samstundes, og som har påverka trafikkavviklinga slik, seier pressekontakt Anne Marit Øksenvåg Johansen i Statens vegvesen region midt.

Då ulykkene var eit faktum, var det fyrst naudetatane som måtte ut og gjere sitt naudsynte arbeid. I etterkant kom ulykkesgruppene til Statens vegvesen for å sikre området og gjere sine undersøkingar. Dette er rutine når slike alvorlege ulykker skjer.

Stengt i seks til åtte timar

Ulykkene skjedde kring kl. 16.00, og Eiksundsambandet opna fyrst like etter kl. 22.00. Vegen til Sulesund like etter midnatt.

Grepa vegvesenet gjorde var å dirigere om ferjene i sambandet Hareid-Sulesund til å gå mellom Hareid og Solavågen. Det medførte kaotiske tilstandar på oppstillingsplassen der.

Ferjekaia i Eiksund lagt ned

Men i Eiksundsambandet vart det berre å vente. Det er ikkje lenger mogleg å setje opp beredskapsferje mellom til dømes Eiksund og Volda.

– Ferjekaia på Eiksund er lagt ned, og overlevert til Ulstein kommune. Ho har ikkje lenger ein standard som gjer at ferjer kan leggje til der, seier Øksenvåg Johansen.

Då Eiksundsambandet opna for snart ti år sidan, vart ferjekaia på Rjåneset lagt ned, men ferjekaia på Eiksund halden oppe. Då var det tenkt at det skulle vere eit beredskapssamband mellom Eiksund og Volda, men slik er det altså ikkje lenger.

Venta i seks timar

Ei av dei mange som måtte vente i køen ved Eiksundtunnelen, var Henrikke Vaagen. Ho er dagpendlar mellom Ulsteinvik og Ørsta.

Ho var ferdig på arbeid i Ørsta, og kom ut mot Eiksundtunnelen ti minutt seinare.

– Då hadde trafikken stoppa, og det var kø. Eg stoppa om lag 100 meter frå tunnelopninga, fortel Vaagen.

Politiet informerte

Etter om lag ein time kom ein politibetjent og informerte om at sambandet ville vere stengt i kanskje to timar til.

– Eg tenkte ikkje på omkøyring då. Etter kvart såg eg på nettaviser at det vart tilrådd omkøyring via Solavågen og ferje til Hareid, men samstundes las eg i nettavisene at det var kaos på Solavågen. Då var ikkje det noko alternativ, fortel Vaagen.

Ho køyrde ut av køen litt tidleg på kvelden for å finne seg ein stad med ein matbit, og etter ein time var ho tilbake i køen.

Sakna informasjon

– Motoren stod ofte på tomgang, for eg ville ikkje fryse, fortel Vaagen.

Klokka 22.08 vart det rørsle i køen, og Henrikke Vaagen kunne kome seg heim til Ulsteinvik.

– Eg synest informasjonen frå vegvesenet si side kunne ha vore betre undervegs. Informasjonen om mulegheita for omkøyring burde ha kome tidlegare. Då kunne det ha vore eit alternativ. Men ein ekstra totimars køyretur i mørke såg eg ikkje på som noko løysing, seier Vaagen.

Saka var først publisert i Møre-Nytt