Offentleg sektor:

Stor auke i talet på lærlingar

Veksten i talet på læreplassar i Noreg fortset, særleg i offentleg sektor, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner er nøgd med at fleire får lærlingplass.   Foto: Terje Pedersen/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): – Det er bra at den systematiske satsinga på fleire læreplassar gir resultat. Fleire lærlingar får no moglegheita til å ta fagbrevet sitt, og Noreg får fleire dyktige fagarbeidarar, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Dei siste fem åra har kommunal sektor fått 32 prosent fleire lærlingar. Statleg sektor har hatt ein auke på 25 prosent. Til samanlikning har auken i privat sektor for same periode vore på 16 prosent, går det fram av Utdanningsdirektoratets statistikk om fag- og yrkesopplæring.

– Privat næringsliv har framleis langt fleire læreplassar, men vi ser no at offentleg sektor jobbar offensivt og tar sin del av ansvaret. I Jeløya-plattforma seier vi at det skal stillast klare krav til det offentlege om å ta inn lærlingar, seier Sanner.

I år blir dei yrkesretta utdanningane styrkt med 70 millionar. Ein del av midlane skal styrkje arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter i fylka, samtidig som regjeringa stiller tydelege krav til offentleg sektor.

I fjor fekk 20.800 elevar læreplass. Dette er det høgste talet som er registrert sidan målingane begynte i 2011.