På formannskapsmøtet for to veker sidan hadde Ranja Dimmen Alme (Folkelista) med seg ein stor stein som var pirka laus av ein geolog då dei var på synfaring i Engeskardtunnelen. Formannskapet var då samde om å at noko må gjerast for å betre tryggleiken gjennom tunnelen.

På formannskapsmøtet i går vart det lagt fram ein rapport om tunnelen, frå Asplan Viak.

Bent Arild Grytten, rådgjevar for sektor for samfunnsutvikling i Hareid kommune, foreslo for formannskapet at det skulle gjennomførast ein reinsk av Engeskardtunnelen, med tilhøyrande bergsikring. Dette skulle gjerast straks det var mogleg. Vidare skulle tunnelen utvidast, eller strossast som det heiter på fagspråket, eksisterande portal rivast og tunnelen skulle vatn- og frostsikrast.

Men ordførar Anders Riise gjorde framlegg, og fekk gjennomslag, for at Hareid kommune vel den andre løysinga som Asplan Viak skisserte, nemleg ei tosidig bergskjæring.

Sprengjer vekk tunnelen

Dette tiltaket omfattar fjerning av heile den eksisterande tunnelen.

Det vil gje ei om lag 15 meter brei skjæring for å få tilstrekkeleg grøft på kvar side av køyrebanen. Bergskjæringane vil bli om lag 20 meter høge, då skal grøftebreidda vere 4,5 meter.

For å gjennomføre dette tiltaket må straum mellombels leggjast om så dei kan sprenge grøftene tilstrekkeleg. Asplan Viak skriv at det vil bli eit stort inngrep i terrenget og vil fjerne eksisterande stiar og vegar som var gamle ferdselsårer over skaret. Tiltaket omfattar også sanering av eksisterande tunnelportal i nordvest.

Tar opp lån

Asplan Viak har rekna på kva dette vil koste. Prisen for etablering av tosidig bergskjæring er på 5 millionar, mot 4,5 millionar som ei utviding av tunnelen var kostnadsrekna til.

Asplan Viak rår Hareid kommune til å uansett gjennomføre ein reinsk av tunnelen før dei strossar eller gjennomfører bergskjæring, noko som er kostnadsrekna til 300–400 000 kr. Alle prisane er utan mva.

Kommunen må bruke lånemidlar og MVA-kompensasjon for å finansiere tiltaket.

Saka skal opp til vedtak i kommunestyret 15. mars.

Stor stein: Ranja Dimmen Alme hadde tidlegare i vinter med seg ein stor stein som ein geolog hadde pirka laus med ein pinne. Rasfaren i tunnelen er stor. Arkivfoto: Beate Muren Foto: Beate Muren