Ein ung mann er dømt for aktlaus køyring frå Brandal mot Hareid.

Ifølgje domen frå Sunnmøre tingrett tok han bilen til ein kamerat utan lov i november i fjor.

I ein høgresving mista han kontrollen og trefte autovernet.

Han køyrde så tilbake, men med punktert venstre bakdekk og utan venstre framdekk, som hadde hekta seg fast i autovernet, heiter det i domen.

Han sette frå seg bilen der han hadde teke den.

Pusteprøve viste at han hadde minst 0,22 i promille under køyringa.

I retten tilstod han, og rettsmøtet varte i berre ein halv time.

No er han dømt til fengsel i 25 dagar og fem tusen kroner i bot. Han slepp å sone straffa i fengsel, men får ei prøvetid på to år.

I tillegg er han frådømt retten til å køyre bil i ti månader.