Det kjem fram i Statens vegvesens handlingsprogram for åra 2018 til 2023 og oversikta over prosjekt som også går forbi denne perioden. Planen vart lagt fram onsdag.

Dei nærmaste fem åra vil fem E39-prosjekt etter planen bli opna. Det dreier seg om Eiganestunnelen i Rogaland og strekningane Svegatjørn – Rådal i Hordaland, Bjørset–Skei i Sogn og Fjordane og Betna–Vinjeøra–Stormyra og Lønset–Hjelset i Møre og Romsdal.

Samtidig vil fleire prosjekt på den mykje omtalte E39 gå føre seg utover den nærmaste femårsperioden. Det dreier seg om tre strekningar i Rogaland, nemleg Ålgård–Hove, Smiene–Harestad og Rogfast, og Garnerløkka – Kolsdalen i Vest-Agder.

Prosjektet E39 Rogfast blir den lengste og djupaste undersjøiske tunnelen i verda. Når Rogfast er på plass, vil reisetida mellom Stavanger og Bergen bli redusert med om lag 40 minutt, ifølgje Samferdselsdepartementet.