Sundag 4. mars er det premiere på den nye dramaserien «Heimebane» på NRK1. Serien handlar om Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) som er Noregs første kvinnelege fotballtrenar på toppnivå for menn. John Carew har også ein sentral rolle i serien.

Handlinga i serien er lagt til Ulstein, og mange lokale innbyggjarar var med som statistar då serien vart spelt inn i Ulstein og Hareid i fjor.

Alt før første sesong har hatt premiere er det bestemt at det blir spelt inn ein sesong to.

Startar i midten av mars

Thale Espenes, som er ny statistansvarleg, fortel til Vikebladet Vestposten at det er mykje takka vere det gode samarbeidet med folk og det engasjerte lokalmiljøet i Ulstein som gjer at dei vil spele inn ein ny sesong her.

Innspelinga av sesong to startar i midten av mars og går fram til september.

Treng alle slags folk

Espenes har fått listene til førre statistansvarleg, men ho ønskjer at alle som vil vere statist denne sesongen melder seg til henne. Det kan vere folk som var med i fjor som ikkje kan vere med i år, og det kan vere folk som ikkje hadde høve til å vere med i fjor, men som vil vere med i år.

Espenes har laga eit skjema som ho oppmodar alle som vil vere statistar til å fylle ut. Der skriv folk inn namn, alder, telefonnummer og sender inn bilete av seg sjølv. «Heimebane» treng alle slags folk til å vere statistar

Ho vil ta direkte kontakt med statistane og ønskjer ein god dialog. Under innspelinga av førre sesong måtte gjerne statistane stille opp på kort varsel. Det håpar Espenes å unngå denne gongen, men ein veit aldri under filminnspeling. Ting kan skje, og det blir ikkje alltid som planlagt. Ho håpar å få vere ute i god tid. Dei kjem tilbake og filmar i fleire omgangar, så statistane får fleire sjansar.

Det er ikkje heilt avklart kor mange statistar ho treng, og kva ho treng dei til, men dei vil trenge mykje ulikt. Nokre får vere statistar i bakgrunnen, medan andre kan få ei lita rolle der dei blir meir synlege.

– Me er superfornøgde med innsatsen til alle statistar som var med sist. Det ser veldig bra ut, seier Espenes og oppmodar alle til å slå på fjernsynsskjermen 4. mars.

Vil du melde deg som statist kan du gå inn på facebook-gruppa «Statister i Ulsteinvik». Der finn du lenke til skjemaet du skal fylle ut.