Torsdagskvelden skal Ulstein kommunestyre vedta kva dei overbygde parkeringsplassane i Ulstein Arena skal koste.

Etter tilråding frå rådmannen rår formannskapet til at p-plassane skal koste 350 000 kroner stykket. Om nokon kjøper fem eller fleire plassar kan ordføraren setje ned prisen med inntil 10 000 kroner.

Kostnaden for kjøp blir regulert med SSB sin byggekostnadsindeks for bustadblokk, per 1. januar kvart år.

Pengane dei får inn på sal av parkeringsplassar skal gå til å finansiere Ulstein Arena. Når finansieringsmålet på 10 millionar er nådd skal resten av pengane setjast av til parkeringsfond.