Mannen som vart skadd i ei trafikkulukke i Røyrasundet i Herøy i desember 2015, har saksøkt forsikringsselskapet sitt.

Partane skal møtest i tingretten tre dagar i juni.

Ifølgje advokaten hans, Therese Lohne Boehlke, meiner selskapet at han sjølv var skuld i ulukka og at han difor skal få redusert erstatning.

Stakk av

Ulukka, som skjedde 12. desember 2015, fekk mykje merksemd.

I 7-tida fekk politiet melding om at det låg ein hardt skadd mann i vegbana, like ved Herøybrua.

Det var verken bilar eller andre køyretøy i nærleiken av den skadde, men poltiiet hadde mistanke om at han var påkøyrd.

Ikkje lenge etter vart ein lastebilsjåfør pågripen og sikta for å ha køyrt på mannen og for ikkje å ha stoppa etter ulukka.

Ikkje samde om erstatninga

Sjåføren som køyrde på han og stakk frå staden, vart i Søre Sunnmøre tingrett i mars i fjor dømt til fengsel i seksti dagar.

Han som vart skadd, sit i dag i rullestol med omfattande fysiske skadar. Ifølgje Sunnmørsposten, som intervjua han då straffesaka mot sjåføren vart behandla i tingretten, har han også fått kognitive skadar etter ulukka, noko som mellom anna gjer at han har sviktande korttidsminne.

Han er uføretrygda med stort behov for hjelp.

Advokaten hans, Therese Lohne Boehlke, seier det etter straffesaka oppstod usemje med forsikringsselskapet om erstatningssummen for skadane han fekk i ulukka.

- Det har ikkje lukkast oss å verte samde, difor såg vi ingen annan utveg enn å gå rettens veg, seier ho.

Det har førebels ikkje lukkast Vikebladet Vestposten å få tak i advokaten til det saksøkte forsikringsselskapet.