Befal frå brannvesenet i Hareid og Ulstein reiste torsdag føremiddag til Geilane for å undersøke ei melding om mykje røyk frå eit bål.

Ifølgje 110-sentralen kom røyken frå brenning av kvistar etter rydding, og brannvesenet gav bålbrennaren beskjed om å sløkke bålet.