Ho oppmodar dei til å heller puste roleg og konsentrere seg om seg sjølve.

Det er onsdag morgon og 110 elevar frå Ulstein ungdomsskule ligg strødde utover golvet på Ulstein Arena. Nokre har med seg teppe å liggje på, andre har lånt seg ei matte. Og nokre ligg rett på golvet, det går også fint.

Denne veka er det trivselsveke for niandeklassingane ved Ulstein Ungdomsskule. Då bryt dei opp timeplanen og gjer andre aktivitetar enn dei gjer ei vanleg skuleveke. Elevane er med på aktivitetar på tvers av klassane dei vanlegvis går i. Trivselsveka blir kombinert med leseveke, forklarer lærar Unni Dragsund til Vikebladet Vestposten.

– Eg har prøvd nokre yogatimar med Linn før og tenkte at det kunne vore kjekt og avstressande for elevane å prøve, seier Dragsund. Ein del ungdomar stressar med å prestere på mange område, men i yoga kan dei få ein pause frå stresset.

Elevane er tydeleg spente og forventningsfulle der dei kjem inn i lokalet. Nokre gutar finn seg ein plass lengst bak i salen. Kanskje dei er redde for å ikkje meistre øvingane?

– Ikkje så farleg

Linn Urke Osnes frå Yogano synest det er kjekt å få undervise så mange ungdomar i yoga. Ingen av niandeklassingane går på yoga, men Osnes har undervist fleire av lærarane deira.

I yoga kan det vere ein del uvande rørsler og stillingar, men ho startar timen med elevane med å seie at det ikkje er så farleg om det er øvingar dei ikkje får til. Då kan ein ta seg ein pause.

Yogatimen går bra. Elevane er flinke til å prøve. Her er øvingar for både styrke, balanse og avslapping. Og yogalæraren er oppmuntrande.

– Kjenn at du er sterk, seier ho.

I kvardagen har me mykje fokus på å prestere, men no hadde ungdomane høve til å slappe av og konsentrere seg om seg sjølve og pusten sin.

– Slapp av, er oppmodinga frå Osnes.

Ein annleis time

To av elevane som var med på denne yogatimen var Henriette Eidset Førde og Dina Worren Eikrem. Dei syntest det var kjekt med ein annleis skuletime, og likar godt at det er trivselsveke. Elevane er meir motiverte, seier dei. Jentene ser ikkje vekk ifrå at dei vil prøve yoga igjen.

Nøgde jenter: Henriette Eidset Førde og Dina Worren Eikrem likte godt yogatimen. Dina driv med både fotball og turn, men yoga var nytt for henne. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
på hendene: Desse to gutane greidde å stå på hendene. Foto: Ingvild Aursøy Måseide