- Dette er eit godt døme på at det nyttar å engasjere seg.

Ordførar Knut Erik Engh ville gjerne ha ordet då kommunestyret skulle avgjere om det skulle løyvast 300.000 kroner til å bygge gangveg i Botnen.

- Det heile starta med at ein forelder tok ordet under eit folkemøte om trafikktrygging, understreka ordføraren.

Kommunestyret har sidan vedteke at vegen er trafikkfarleg og har sytt for skuleskyss til borna.

Engh påpeikte at prosjektet er ei enkel løysing som ikkje tilfredsstiller normer til til dømes universell utforming. Gangvegen, som skal gå langs eksisterande bilveg frå husa i Botnasvingen og ned til busslommene nær krysset mot Gardshol, vert ein enkel, grusa veg med ei breidde på ein meter.

- Det har vore ein god dialog mellom kommune, oppsitjarar og Statens vegvesen, sa Engh.

Medan kommunen betaler for opparbeiding av gangvegen, vil oppsitjarane ta seg av snøbrøyting av vegen når det er behov for dette. Vegvesenet skal syte for at det vert sett opp gatelys i området.

Farleg krysningspunkt

På eitt punkt må vegen kryssast for å kome over til den eine busslomma og Oddvar Gjerde (SP) var uroa for dette.

- Eg vaks opp på Bjåstad då vegen der var 80-sone og var vitne til fleire dødsulukker i samband med kryssing av vegen. Eg er for prosjektet i Botnen, men dette krysningspunktet er livsfarleg, sa Gjerde som ville behalde skuleskyssen i alle fall den eine vegen.

- Kryssinga er lagt til den staden der det er best sikt. Det er dessutan behov for ei løysing som må fungere heile døgnet, ikkje berre når borna skal til og frå skulen, sa Engh.

Hannelore Måseide (V) var einig i at løysinga ikkje var den beste for borna, men den beste ein kunne få til under dei rådande tilhøva.

- Vi får ta saka vidare ved eit seinare høve, foreslo ho, noko mellom andre Odd Arne Vikebakk (KrF) støtta henne i.

Eit samrøystes kommunestyret vedtok deretter å løyve pengar til prosjektet.