- Sunnmøre Folkehøgskule opplever også i år stor pågang frå elevar som vil oppleve eit folkehøgskuleår på Sunnmøre, melder rektor ved skulen, Arnt Ole Grimstad.

Han fortel at skulen hadde 38 % fleire søkarar enn på same tid i fjor, då opptaket av neste års elevar starta 1. februar.

- Prosenten på ja-svar etter første inntak har også vore svært høg, noko som gjer at vi allereie no har fulle linjer og nesten 100 elevar på venteliste. Det er berre idrett og musikk som har nokre ledige plassar att for neste år, seier Grimstad.

Skulen tek opp rundt 140 elevar, og har linjer innan friluftsliv, idrett, butrening, musikk, internasjonalt fokus, reise og leiartrening.