Vikebladet Vestposten møter Ole-Alexander Brekke (29) på hans nye arbeidsplass, Folk Spiseri i Ulsteinvik. Han er heime igjen etter eit tiår i Oslo, og jobbar saman med vener og kjende på det som på relativt kort tid har blitt eit mykje nytta og omsnakka tilbod i hjartet av Ulsteinvik. Men det har ikkje alltid vore slik at kokkeyrket såg ut til å bli vegen å ta for Ole-Alexander.

Frå student til bartender

Etter tida på idrettslinja på Ulstein vidaregåande skule gjekk Ole-Alexander inn i førstegongstenesta. I tida etter han var ferdig der byrja han å jobbe i Kleven. Så fekk han ein telefon frå sin tidlegare troppssjef i Forsvaret, med spørsmål om han ville verve seg.

– Eg var med på ei oppsetting til Afghanistan i 2014, som diverre skar seg. Vi blei nekta utsending. Eg blei likevel verande i Forsvaret ei stund til, der eg mellom anna jobba som våpeninstruktør i Garden og som grenader, fortel Ole-Alexander.

Etter tida i forsvaret blei det tilbake til skulebenken, og studiar på Handelshøyskolen BI i Oslo. Men det skulle ikkje vare så lenge, for det var noko anna som freista meir.

– Eg blei med i eit bartenderutval, og du kan vel seie at eg blei noko meir oppteken av det enn av skulearbeid. Eg byrja etter kvart å jobbe som bartender på forskjellige barar i Oslo, seier han.

– Alltid vore interessert

Dette med mat er noko Ole-Alexander alltid har vore interessert i. Men å gå inn i kokkeyrket vart han åtvara mot.

– Eg har alltid likt å lage mat. Eg blei derimot fortalt frå ulike hald at eg ikkje måtte finne på å velje det som yrket mitt. Ukurante arbeidstider blei nemnt som eit døme. Men det blei jo den vegen eg fann likevel då. Det vart berre nokre år etter eg først hadde tenkt, seier han med eit smil, og fortel at han på sett og vis blei «lurt» inn i yrket.

– Eg jobba på cocktailbaren Barfly, som ikkje finnast lenger, då eg fekk spørsmål frå ein god kamerat. Han var på den tida kjøkkensjef på Stortorvets Gjæstgiveri, og spurte om eg kunne vere med og køyre ei selskapsbestilling. Eg fekk gode tilbakemeldingar på jobben, og sidan det var ein som skulle slutte der, som ønskte å dra til sin nye arbeidsplass litt tidlegare, blei eg spurt om å jobbe der i ein månad. Då fekk eg det største komplementet eg trur eg har fått så langt som kokk, «fy f*** Ole, du suge jo ikkje til ditte du», seier Ole-Alexander flirande.

Han jobba der den eine månaden, og hadde eigentleg søkt på dykkarskulen på Nesodden. Men så ringde den nye kjøkkensjefen på Stortorvets Gjæstgiveri, ein annan kamerat av han, og spurte Ole-Alexander om han kunne tenkje seg å jobbe der igjen. Og slik blei det.

– Hadde ikkje ville vore forutan

Lokalavisa snakka med Brekke like før han skulle til på kveldsskiftet sitt på Folk Spiseri for eit par veker tilbake. Sjølv om han først byrja å jobbe saman med kokkekollega Thor-Erik Andersen og dei andre tilsette for ein knapp månad sidan, har han kome godt inn i opplegget.

– Eg er veldig glad for at det blei slik som det blei. Eg trivast veldig godt i dette yrket, og sjølv om dei berømte arbeidstidene som kokk kanskje ikkje er heilt A4, er det på same tid heilt greitt. Eg likar veldig godt det eg driv på med, seier Ole-Alexander.

– Mat og matkultur er ein stor del av identiteten vår. Her på Sunnmøre har vi rike mattradisjonar som eg meiner det er viktig å ta vare på. Så er det også ein litt meir egosentrisk vinkel å sjå på dette yrket frå. Ein får jo ein augneblinks egotripp når ein får eit kompliment for det ein gjer rett, og kjeft for det ein gjer dårleg. Ein slepp å lure på om det ein gjer faktisk er bra, for kundane gir oftast, heldigvis vil eg seie, tilbakemelding.

Han dreg parallellar til tida i Forsvaret og tida som bartender.

– Det handlar også om dette adrenalinrushet ein får. Ingen dagar er heilt lik den førre, og det kan gå frå tilnærma null aktivitet til full peis på få straksar. Eg ville ikkje vore forutan dette, seier Ole-Alexander til slutt.

Glimt i auget: Dei som kjenner Ole-Alexander vil beskrive 29-åringen som ein humørfyld kar med glimt i auget. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll