Bygget, som husa biblioteket fram til Ulstein Arena stod ferdig i fjor, er leigd ut til Rise Bygg fram til 1. januar 2020.

– Vi skal bruke heile første etasje. Her skal vi ha kontor, toalett og pauserom for arbeidarane. Vi stiller også med kontor til nokre av underleverandørane i prosjektet, fortel dagleg leiar i Rise Bygg, Peter Rise.

Han er svært glad for at hovudentreprenøren fekk lov til å leige huset, sidan det ligg like ved tomta det skal byggast på.

– Det er svært praktisk for oss, sidan det vert stor byggeaktivitet på eit avgrensa område. Vi må nok likevel setje opp ein brakkerigg i tillegg i området bak Bjørndals Minne, eit stykke uti prosjektet, seier Rise, som ikkje ønskjer å fortelje kva dei skal betale for å leige bygget.

Han fortel at gangvegen mellom Bjørndals Minne og Bjørndalvegen Park kjem til å vere stengd i byggeperioden.

Eit steinkast: Det er kort veg frå Bjørndals Minne til tomta der Bjørndalvegen Park skal byggast. Foto: Linda Eikrem