Fredag ettermiddag gjekk det ut melding til abonnentane i Hareid kommune med oppmoding om å redusere vassforbruket sitt for ein periode.

Det vart også lagt ut informasjon på nettsida til Ulstein kommune om at det er lite kapasitet i vassnettet.

Rykta på bygda byrja å florere. Kunne det vere Ulstein kommune som stakk med vatnet for å fylle opp bassenga i Ulstein Arena?

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge ler godt når lokalavisa konfronterer henne med denne teorien. Nei, dei har ikkje merka noko til at ulsteiningane stikk med vatnet.

Det store forbruket av vatn heng saman med at det har gått så godt på Pelagic i Liavågen. Stort inntak av fisk gjer at det har gått mykje vatn i kommunen, og kapasiteten i vassnettet er for tida liten. Difor oppmodar Hareid kommune alle innbyggjarar og bedrifter som er tilknytt det kommunale vassnettet, samt dei som er tilknytt Hjørungavåg vassverk, om å bidra ved å redusere vassforbruket sitt i ein periode frå og med fredag.

Rådmannen synest det er veldig positivt og flott at det går så bra på fiskemottaket. Ho har lyst til støtte opp og bidra så dei kan halde fram med å ta imot all fisken dei ventar, men då treng dei altså vatn.

– Difor vil eg oppmode alle innbyggjarane til ein dugnadsinnsats, kommenterer ho til lokalavisa.

– Bør folk droppe helgevasken?

– Nei, men eg vil be folk tenkje over kva dei bruker vatn på, svarer ho diplomatisk.

Overvakar kontinuerleg

Hareid kommune overvakar vassforbruket kontinuerleg. Når dei har fått ned forbruket, og fylt opp nettet, vil dei sende ut ei ny melding om at innbyggjarane kan fortsette å bruke vat som normalt.

På sikt vil kommunen sjå å få oppgradert vassverket, så det blir større kapasitet. Men i første omgang, for å få ei snarleg løysing, oppmodar dei altså innbyggjarane til å vise måtehald i vassforbruket.