– Eg har alltid, sidan eg var ei lita jenta, hatt ein lengt mot Afrika.

Anne Brit Sukka (37) frå Suldal er læraren, med foreldre og bror på Hareidlandet, som har bestemt seg for å leve resten av livet i Uganda. Ho møter Vikebladet Vestposten på Kaffebaren i Ulsteinvik. Rundt halsen ber ho eit smykke med to anheng: eit sølvkors og eit Afrikakart i gull. Kristendomen og Afrika. Dei to lidenskapane.

– Tanta mi var misjonær i Tanzania og Kenya i mange, ho fortalde meg mykje om livet og folka der. Så eg har alltid hatt denne fascinasjonen, og no ser det endeleg ut til at draumen min vert oppfylt, seier ho.

Men livet tok ein bråstopp i fjor.

Mars 2017: Anne Brit har budd i Jinja i eit og eit halvt år. Byen med sytti tusen innbyggarar ligg der Victoriasjøen renn ut i Nilen. Etter mange år som lærar og barne- og ungdomsarbeidar i Nordland, flytta ho til Uganda etter disippeltreningsskule i England. I Jinja jobbar ho for organisasjonen Ungdom i Oppdrag og taper hjartet sitt til barneheimen Siita Nest Mother`s Love Home. Ho har nettopp forlova seg med Kassim, dei planlegg bryllaup. Så oppdagar ho ein kul i brystet.

– Det var kreft. Forsikringsselskapet og eg var samde om at eg måtte til Noreg for å få behandling. Eg reiste heim og sidan har eg vore her, fortel 37-åringen.

I løpet av åtte månader har ho vore gjennom heile «pakken» på sjukehusa i Volda og i Ålesund: operasjon, cellegift, stråling.

– Det har vore tøft, men det går veldig bra no. Trua mi har gjort meg trygg, eg kan prate med Gud om alt mogleg. På dårlege dagar har eg lege på golvet og ropt til Gud, men eg veit at han toler det.

Har du vore bitter på Gud for at du vart sjuk?

– Eg er ikkje bitter, men eg har vore meir sint. «Kvifor no, no når eg skal gifte meg?!», har eg spurd. I mars skal eg på den første tremånaderskontrollen, seier Sukka.

Men først skal ho arrangere basar på Hareid bedehus. 28. februar skal ho og dei andre i familien samle inn pengar og prøve å rekruttere fadrar til borna på barneheimen i Jinja. Barneheimen vart starta av ei ugandisk dame i 2000, og målet er å hjelpe foreldrelause og vanskelegstilte born med skulegang. I dag får rundt 300 born frå barneheimen.

– Eg har verkeleg tapt hjartet mitt til desse borna. Planen er difor å reise tilbake for å busetje meg i Uganda. Kassim og eg skal gifte oss og bygge oss hus, fortel ho.

Fortel om Kassim!

– Vi møttest på barneheimen, han var litt i bakgrunnen, så eg la vel ikkje spesielt merke til han. Men han la visst merke til meg, så han byrja å kome på besøk til meg. Vi prata mykje og brått tenkte eg at dette kunne vere grunnlag for noko meir. Så gjekk det fort unna: vi vart saman til jul i 2016, så forlova vi oss i februar i fjor.

Kassim var på Hareid i tre månader i fjor haust.

– Han vart kjend med foreldra mine og broren min og hans familie. Han likte naturen og kjende seg godt teken imot. Men han syntest det var litt kaldt her, sjølvsagt, ler Sukka.

Anne Brit og Kassim har den kristne trua felles.

– Eg opplever at det er eit kall frå Gud, at Gud vil at skal fare til Uganda og gjere ein jobb der. Eg skjønar viss det høyrest rart ut, men det er slik eg opplever det.

Vil du kalle det misjonering?

– La meg seie det slik: eg har meir hjarte og meir talent for å utruste dei som allereie er kristne enn å prøve å omvende folk. Eg kunne nok ha gjort det same her i Noreg, men så var det denne lengten etter Afrika ..., seier ho.

Har du aldri vore i tvil om at du skal busetje deg er?

– Jau. Difor brukte eg mykje tid på å be til Gud, for å få eit svar. Det føler eg at eg har fått.

Anne Brit Sukka fortel at Uganda er eit land med høg arbeidsløyse. All skulegang kostar pengar, mange familiar har difor ikkje råd til å gje borna ei utdanning.

På Hareid har ho foreldra, i Ulsteinvik bur bror, svigerinne og tre tanteborn. Å reise langt vekk frå dei, er det tyngste med å satse på eit liv i Uganda, fortel Anne Brit.

– Hareidlandet er min base i Noreg. Det er sjølvsagt ikkje med lett hjarte eg forlèt familien, spesielt tanteungane.

Har du håp om sjølv å verte mor?

– Kassim og eg drøymer om det, ja. Anten å få eigne eller å adoptere.