Ungdomsrådet er dei unge sitt talerør overfor offentlege organ og under kommunestyremøtet torsdag fekk styret i ungdomsrådet høve til å presentere seg sjølve og det arbeidet dei driv. Dei fortalde mellom anna om MOT-arbeidet, Bell ungdomsklubb og Ungdommens kulturmønstring. I tilegg synte dei ein film som vart laga i samband med tevlinga «Årets ungdomskommune» i fjor. Då vart Ulstein slått av Smøla med eitt fattig poeng.

Ungdomsrådet hadde også eit spørsmål til lokalpolitikarane: – Når vert transporttilbodet Fram Flexx sett i gang her i Ulstein?

Ordføraren lovte å finne ut av dette, sjølv om han var usikker på kva rolle kommunen hadde i dette tilbodet; eit tilbod som er meint å erstatte ordninga «Heim for ein 50-lapp».

Elles fekk både ungomsrådet og og ungdomskoordinator Annika Brandal skryt og klapp på skuldra for arbeidet sitt.

– Dei er svært strukturerte, ikkje minst når det kjem til budsjett. Her har dei andre utvala noko å strekke seg i mot, tipsa Knut Erik Engh.