– I fjor brukte vi 700.000 kroner som ikkje fanst på budsjettet, og no er vi i fint driv igjen, refsa Eldar Knotten (V) då representantane frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet ivra for å nytte 300.000 kroner frå kapitalfondet for å planlegge eit område med fortetta busetnad i Holsekerdalen. Dette under føresetnad av at fylket også bidreg med pengar til prosjektet. Kommunen har inne ein søknad hos fylket om midlar.

I tilrådinga si overfor teknisk utval gjekk rådmannen inn for å løyve 300.000 kroner frå kapitalfondet for å setje i gang planarbeidet, men utvalet ville utsetje saka. Då saka var oppe i formannskapet førre veke, var det også fleirtal for utsetje det heile i påvente av arealplanen.

– Vi har i dag 130 bustader på «beddingen», framheldt Hannelore Måseide (V) som meinte at kommunestyret no måtte ha is i magen og legge desse utbyggingsplanane på vent.

– Eg er ingen festbrems, men meiner likevel at saka godt kan vente til vi er ferdige med arealplanen, sa Måseide.

Renate Rossi Kaldhol frå Arbeidarpartiet sa at ho vanlegvis lyttar til utvala, men at ho i denne saka stussa på innstillinga frå teknisk utval.

– Vi må bruke sjansane når dei er der. Her kan vi ved hjelp av ein liten innsats skaffe oss ein stor gevinst, meinte ho.

Partikollega Magne Grimstad jr. trudde at dei 130 husværa som Hannelore Måseide synte til, ville vere fylt opp i løpet av to år. Han også rådde difor til å setje i gang planleggingsarbeid for området snarast råd.

– Dette er snakk om utgifter til inntekts ervervelse. Dersom vi få avhenda desse tomtene på eit fornuftig vis, vil vi kunne sitje att med ein økonomisk gevinst, sa Knut Erik Engh (Frp).

Odd Arne Vikebakk (KrF) meinte at det var viktig å ta dei politiske prosessane på alvor og respektere teknisk utval sitt utsetjingsforslag.

Også Pål Grødahl (V) meinte det var naturleg å respektere avgjerdene i utvala.

– Vi har hatt litt for mange ad hoc-saker, no er det viktig å jobbe over tid og bruke planane våre. Arealplanen skal vedtakast i juni, så lenge har vi tid til å vente, sa Grødahl.

Framlegget frå Frp om å løyve 300.000 kroner under føresetnad av tilskot frå fylket, fall med 11 mot 14 røyster.

Hannelore Måseide (V) meinte planarbeidet kunne vente til arealplanen var ferdig. Foto: Jorulf Myrene