I september 2017 vedtok Hareid kommunestyre samrøystes detaljregulering for Fremste Teigane 2.

Før planen for det nye byggjefeltet vart vedteke kom Fylkeskommunen med motsegn til planane. Motsegna var knytt til automatisk freda kulturminne. Kommunestyret vedtok at planforslaget skulle sendast til mekling med Fylkesmannen. Om dei ikkje nådde fram der ville dei gå til departementet for endeleg avgjerd.

No har Kommunal- og moderniseringsdepartementet fått saka til behandling. Innvendingane frå fylket er knytt til at forslag til reguleringsendring vil kome i konflikt med to automatisk freda kulturminne og kulturmiljø.

Til synfaringa på på Hareid kjem Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Fylkesmannen, Fylkeskommunen, riksantikvaren og kommunen, opplyser seniorrådgjevar Unni Augland Eik i Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Vikebladet Vestposten.