I samband med innføring av eigedomsskatt i Ulstein kommune, er det no valt ei eiga skattetakstnemnd som skal fastsetje verdien på fritidseigedomar og ubygd grunn.

Verditaksten på desse eigedomane vert fastsett etter at nemnda har vore på synfaring.

Når det gjeld bustadeigedomar vil kommunen nytta Skattedirektoratet sine register som grunnlag for utrekning av eigedomsskatt.

Skattetakstnemnda vert også førsteinstans for å vurdere eventuelle klager,

Olav Sæter vert leiar for nemnda, med Hallgerd Conradi som personleg vara. Kristin Opsahl Myrene vert nestleiar og får Bjørn Roppen som personleg vara. I tillegg kjem Hanne Kristin Sæter Gurskevik med Lidbjørn Vattøy som personleg vara.

Det vert høve til å ta klagene vidare dersom ein ikkje får medhald hos kommunen. Klagene vert handsama av den nyvalde klagenemnda. Denne består av Aase Ulla (leiar), med Magnar Hatløy som personleg vara, Magne Bergseth (nestleiar) med Kjell Einar Hatløy som personleg vara og Wenche Osnes Låbakk med Kari Warholm som sin personlege vara.