Like etter klokka ti i kveld, måndag, rykte politi, ambulanse og brannvesen ut til Osnessanden etter melding om at tre naudrakettar var observert i området Stor-Klauholmen. Sunnmørsposten skriv at ein person på land skal ha observert ein båt gå på land, og tre naudrakettar. Det er berre ein person som skal ha observert dette.

Operasjonssentralen stadfestar til Vikebladet Vestposten at dei har ein del ressursar på Osnessanden i Ulsteinvik no. Dei prøver å finne ut om nokon er i havsnaud sidan det er skote opp naudrakettar. Dei veit førebels ikkje noko meir.

Både redningsskøyte, ambulansehelikopter og lokale båtar søkjer no utanfor Osneset.

Operasjonsleiar Arild Reite seier at sidan søket går føre seg på sjø er det hovudredningssentralen som leiar leiteaksjonen. Politiet står på land og bistår dei. Dei har førebels ikkje funne noko.

– Det er ikkje gjort noko vurdering om kor lenge dei vil leite?

– Nei, det er det ikkje, svarer Reite.

Avsluttar søket

Klokka kvart på tolv er Vikebladet Vestposten i kontakt med Erik Wilssen i Hovedredningssentralen Sør Norge. Han seier at det ikkje er noko nytt i saka. Dei har to helikopter som søkjer og mange båtar, og det er eit avgrensa område, men dei finn ikkje noko. Bortsett frå ein observasjon frå Osneshaugen er det ingen som har sett noko.

Det er ingen ting som indikerer at det har skjedd noko, seier han til lokalavisa.

Dei tar fortløpande ei vurdering av kor lenge dei skal halde fram søket.

Like over midnatt stadfestar også Politiet i Møre og Romsdal at leiteaksjonen blir avslutta. På twitter skriv dei at situasjonen er avklart og at ein ikkje lengar fryktar at nokon har problem i sjøen.