(NPK): Ferdselen auka med opptil 50 prosent etter at forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) skilta og merkte eit utval turstiar i nærmiljøa i Brumunddal i Hedmark og Vestby i Akershus. Ikkje berre tok fleire i bruk turløypene, men mange av dei nye sti-vandrarane var òg av dei mindre erfarne.

– Skilting og merking av turruter er ikkje noko "sesam, sesam" som med eit knips får alle ut i skogen, men undersøkingane tyder på at det er ei form for tiltak som fungerer, seier NINA-forskar og prosjektleiar Odd Inge Vistad.

Særleg dei mindre erfarne turgåarane var positive til tilrettelegginga.

– Dei sa mellom anna at dei synest det er enklare og tryggare å ta med ungar ut på tur etter tiltaka, seier Vistad.