– Vi er godt i gang med planlegginga, og sjølv om ikkje alt er avklara i forhold til søknadar, har vi god tru på at det blir festival i slutten av juni, seier Line Urke.

Godt i gang

I tillegg til å vere dagleg leiar i Ulstein Næringslag er Line Urke også kjend for å arrangere Trebaatfestivalen gjennom hennar og mannen hennar Hugo sitt selskap Ratata AS. Tanken er at også Båt & Bacalao blir arrangert gjennom selskapet, men at Ulstein Næringslag skal bidra som pådrivarar. Mykje av forarbeidet til festivalen, som vil finne stad mellom 22. og 24. juni i år, er alt gjort.

Vil ha meir aktivitet i Ulsteinvik

Det heile starta med ein idé om å få til meir endå meir aktivitet i Ulsteinvik, fortel Line.

– Vi fekk låne 70 meter brygge med Vik Ørsta i fjor til Trebaatfestivalen. Dette var sjølvsagt kjekt, men med tanke på alt ekstraarbeidet knytt til det, vart det til at vi ønskte å få på plass permanente brygger. Etter ein lang prosess frå august til rundt nyttår blei det klart at Quality Hotel Ulstein kjøpte inn 70 meter gjestebrygge. Dette er kjempebra, og er noko som mellom anna gjer at Trebaatfestivalen kan arrangerast på noko lettare vis, seier Line Urke og legg til:

– Men så kom jo tanken om at vi burde bruke flytebryggene litt meir enn berre under Trebaatfestivalen. Eitt moment er at det snart er premiere på NRK-serien «Heimebane», som er spelt inn i Ulsteinvik og regionen elles, og som garantert vil føre til auka turisme. Med tanke på dette er den auka bryggekapasiteten sjølvsagt ein kjærkomen ting. Men så kom ideen om å vekkje til liv igjen jonsokfeiringa i Ulsteinvik. Dette er jo ei helg der det skjer ein del ute i grendene, medan det er lite som skjer i sentrum. Dette tenkjer vi at vi bør gjere noko med.

Jonsokbål ved Sjøsida

Urke fortel at ho har snakka med grunneigarane på Sjøsida om å få lov til å ha jonsokbål. Det har både Ulsteinvik Utvikling og Ulstein kommune gitt tommel opp til.

– Det blir eit digert jonsokbål, på bortsida av blokkene. Eg har også vore i kontakt med brannvesenet kring vakthald. Det blir eit bål med reint treverk, og difor vil eg reise ut og oppmode alle næringsdrivande og kjøpesentera til å bidra med pallar. Så har eg også ypparleg hjelp i to syriske gutar, som begge har fått opphald i kommunen. Dei ønskjer å bidra med arbeidskapasitet, og forhåpentlegvis kan dei også få seg meir permanent arbeid her i kommunen vår med tida.

Båt & Bacalao

Festivalnamnet seier mykje om kva type festival dette skal bli, meiner Line.

– Vi ønskjer å ta tilbake jonsok, og vi ønskjer å ta tilbake noko av det som er grunnen til at vi bur her, fisk. Difor blir det lagt opp til eit klippfiskforedrag på Sjøborg, med bacalao på menyen. Det blir også jobba med å få til eit Fado-arrangement, portugisisk musikk og kultur, i løpet av denne helga. Så skal det vere kunstutstilling med tre lokale kunstnarar, over 90 år gamle Alma Overvåg, munnpenselmålar Wenche Løseth og Stig Arne Ulstein. Elles har serveringsstadane i sentrum blitt oppmoda om å flytte serveringa si ut denne helga. Amfi og Blåhuset er også utfordra på å lage til noko for dei minste. I tillegg skal Ulstein Mannskor synge, og vi skal få opp teltet på Kulturalmenningen, der det vil bli ymse aktivitetar både for små og store desse dagane. Så hadde det vore veldig kjekt om nokon kunne tatt på seg å arrangere gamle og kjære jonsokleikar også. Dette blir uansett knallbra, det er eg overtydd om, seier Line Urke avslutningsvis.

Folkeliv: Håpet er at det blir bra folkeliv også på Båt & Bacalao. Her frå Trebaatfestivalen. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll