Politiet og Hovudredningssentralen for Sør-Noreg konkluderer med at det var ei misforståing som førte til den omfattande leiteaksjonen ved Osneset i Ulstein måndag kveld.

- Vi er ferdige med saka, dette får ikkje noko etterspel. Det heile var nok ei misforståing, seier operasjonsleiar i politiet, John Kåre Flo.

Like før kl 22.00 måndag fekk naudetatane melding frå eit vitne, som hadde observert ein båt utanfor Osnessanden og det som såg ut til å vere raude lys frå naudrakettar.

Både redningsskøyta, ambulansehelikopter og Sea King-helikopter vart sett inn i søket.

I eit par timar vart det leita både frå luft og sjø, men utan å finne noko.

Redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg, Ola Vaage, fortel at dei klokka 23.47 fekk telefon frå ein båteigar.

- Han fortalde at han hadde gått forbi i området med ein gamal fiskebåt i det aktuelle tidsrommet. Han hadde lese om leiteaksjonen på nettnyheitene, og ringde for å fortelje at båten hans har ein veldig spesiell motorlyd,  fortel Vaage.

Men korleis forklarer de det som vart oppfatta som naudrakettar?

- Båteigaren fortalde også at han hadde blinka med lyskastarane for å sjå stakane i sjøen der, seier redningsleiaren.

Søket vart avslutta rundt midnatt.