Kontrakten går ut 19. april 2018. Etter det Fagforbundet kjenner til har ikkje Hareid kommune brukt desse vikartenestene, men er med på avtalen.

– Vi har blant anna sett alle sakene som no kjem opp, og då spesielt alt rundt Orange Helse som no er kasta ut fleire stader. Sist no så var dette oppe som stor sak i Sogn og Fjordane, skriv hovudtillitsvald Bente Helen Øvrelid. Det er snakk om ein avtale som Ålesund kommune inngjekk på vegner av 17 kommunar, mellom anna Ulstein og Hareid. Det er også med fleire private leverandørar av helse- og omsorgstenester i avtalen, mellom anna Orange Helse AS.

Sykepleien.no skriv at det er slutt for dette bemanningsføretaket i norske sjukehus etter dei rota med lønsutbetalingar og brote med arbeids- og kviletidsreglane på norske sjukehus. Rammeavtalen deira med tre helseregionar er sagt opp.

Også Oslo kommune har sagt opp avtalen sin med Orange Helse.