Heimebane er den første norske fjernsynsserien som har blitt vist på filmfestivalen i Berlin. Ville det utanlandske publikummet forstå humoren og handlinga som er lagt til ei lita sunnmørsbygd?

– Det gjekk over all forventning. Me fekk overveldande bra respons, det var veldig gøy! Dei både jubla og klappa. Det var veldig rørande, seier produsent Vilje Kathrine Hagen på telefon frå Berlin dagen etter visinga.

Ho fortel at visinga i Berlin var første publikumsvisninga dei hadde av serien. Det er alltid litt skummelt, og det knyt seg ein del forventningar før ei slik vising. – Då eg kom inn i salen før visinga såg eg meg rundt. Det var berre ukjende fjes. Det blir det heldigvis ikkje i Ulsteinvik på laurdag. Det gler eg meg kjempemasse til.

På visinga i Berlin var det kritikarar, «vanlege» folk frå Berlin og salsagentar som var der for å vurdere om deira land skal kjøpe inn TV-serien.