Ein mann frå Ulstein fekk forbod mot å ta kontakt med faren sin. No må han møte i retten, tiltalt for vald og drapstrugslar.

Ifølgje tiltalen skal mannen, som er i slutten av 40-åra, ha slått faren med knyttneven i ansiktet og på ryggen ein torsdag ettermiddag tidleg i februar.

Han skal samstundes ha sagt til faren at han skulle drepe han. Ifølgje tiltalen skal dette ha skjedd heime hos faren.

Tidlegare same dag skal han ifølgje tiltalen også ha ringt faren fire gongar, sjølv om politiet nokre timar før hadde forkynt eit forbod mot på nokon måte å ta kontakt med faren.

Rettssaka mot mannen kjem opp i Sunnmøre tingrett i april.