Styreleiar for Ulstein LAN, Per-Olav Harkjerr Digre, fortel at planen var å ha 252 plassar i hallen. Hittil er det berre 134 påmelde. Det har vist seg at LAN krasjar med både konfirmasjonsleiren i vinterferien og Polenturen til ungdomsskulen i haustferien.

– Det er sjølvsagt litt skuffande, for vi har jo eit budsjett vi skal halde oss til. Det er som regel foreldra som betaler, og vi valde difor å senke prisen litt i håp om betre respons. Vi har også vurdert å flytte arrangementet til påska, men det slo vi frå oss, sidan Herøy LAN vert arrangert då. Vi vil ikkje kræsje med dei, ytrar Harkjerr Digre.

Godt samarbeid

Han skryt av kommunen og deira engasjement i Ulstein LAN. Han angrar ikkje eit sekund på at dei inngjekk avtale om å leige Ulstein Arena, og fortel at det har vore deira draumelokale heilt sidan det vart kjent at det skulle byggast.

– Ikkje berre har vi større plass, og betre luft. Vi har også garderobar, soveplassar og ikkje minst høve til å bade for ein 50-lapp, ler han.

Kultursjef i Ulstein kommune, Leif Ringstad, er overraska over kor bra idrettshallen i Ulstein Arena fungerer som opphaldsrom for LAN.

– Det kjekkaste eg har sett under mine besøk på arrangementet, er all ungdomen som kosar seg i lag i vinterferien. Per Olav har gjort ein kjempejobb og vi er glade for å kunne hjelpe til, legg han til.

Mange sponsorar

Det er ikkje berre kommunen som har vist stort engasjement for årets LAN. Per-Olav er glad for interessa rundt datapartyet etter at det kom fram at dei skulle halde til i sentrum.

– Vi var jo litt anonyme då vi held til på Hasund, so det er kjekt å endeleg verte sett.

Hotellet har gitt datapartyet ein del hotellrom til redusert pris, og minst 10 av dei tallause butikkane ungdomane har vore innom, ynskjer å sponse med alt frå snacks, pizza og brus til premiar som kan delast ut når LAN har konkurransar innimellom spelinga.

– Vi set enormt pris på alt vi har fått og det er eit bevis for oss at lokalmiljøet er engasjert i det ungdomen driv på med. Vi hadde so absolutt ikkje fått dette til utan hjelpa frå kommunen og lokalsamfunnet, avsluttar Per-Olav Harkjerr Digre.