– Ingen hugsar at dei blei fødde, vel!

Henrik (4 1/2) klarer ikkje å skjule at han er oppgitt over at journalisten kan finne på å spørje om han hugsar kva som skjedde då han kom til verda 9. august 2013.

Henrik bur i Varleiteråsa i Ulsteinvik saman med storebrørne Iver (8) og Adrian (14), lærarmamma Gunn Anette og politipappa Frank. Og kattungen Theo, som nyleg vart henta frå Volda. At journalisten fortel at også ho kjem frå Volda, sånn eigentleg, ser ikkje ut til å gjere vidare inntrykk på fireåringen.

– Men det var slik at ambulansen ikkje fann oss, seier han brått, og pensar samtalen inn på rett spor igjen.

– Ta det med ro!

For det skal handle om den dagen han kom til verda for fire og eit halvt år sidan. Mamma må trå til, sidan ho faktisk hugsar den fredagsmorgonen då ho kjende at babyen i magen hadde tenkt seg ut.

– Dei to første fødslane var lange, så jordmødrene på sjukehuset hadde sagt at eg kunne ta det med ro neste gong. Så eg tok det med ro, eg ville ikkje trakke ned gangane på fødeavdelinga i Volda, mimrar Gunn Anette.

Mannen hadde hatt nattevakt, så ho tenkte at han skulle få kvile seg litt før dei tok laust.

– Eg låg her på sofaen og kjende at det auka på med rier. Eg ringde til fødeavdelinga då det var 5–10 minutt mellom riene. «Berre kom», sa dei. Klokka var rundt 12.00 då vi køyrde, og eg var sikker på at vi fint skulle rekke fram til sjukehuset, fortel ho.

Men riene auka kjapt i intensitet, og frå Haddal hadde dei AMK-sentralen på høgtalar.

– Frank snakka, eg ropte. Heldigvis er Frank ein roleg og avbalansert type, men det var slett ingen optimal situasjon. Eg nærast stod i bilen, med eine foten på dashbordet. Pressriene kom då vi køyrde inn i Eiksundtunnelen, fortel Gunn Anette.

Ho var framleis sikker på at dei skulle rekke fram til sjukehuset, men vedgår at ho var redd då dei køyrde inn i tunnelen.

– Eg var veldig oppteken av at vi ikkje skulle stoppe, at vi måtte kome oss igjennom. Og vi visste at ambulansen var på veg for å møte oss. Frank var heilt roleg, i alle fall på utsida, og fekk meg til å kjenne meg trygg. «No er vatnet gått, no ser eg hovudet», sa han.

Atten minutt etter at dei køyrde frå huset i Varleiteråsa, nokre hundre meter før tunnelopninga på Ørstasida, vart Henrik fødd.

– Eg hugsar at det blinka i fotoboksen. Det heile var ei ut av seg sjølv-oppleving. Eg fekk tak i ei joggebukse frå ein bag i baksetet, den tulla eg rundt han. Eg fjerna slim frå munnen hans og banka han på ryggen. Då gret han kraftig og vi forstod at dette kom til å gå bra.

Ambulansen møtte dei på Sørestranda. Navlestrengen vart klipt og mor og barn vart lagt på båre og køyrde til sjukehuset.

– Det var godt å kome dit og vere ferdig med heile fødselen, og heldigvis var Henrik ein frisk og fin baby, seier ho.

Likar tunnelar

Henrik har vore tolmodig og lytta til mora si forteljing. Han har høyrt den mange gongar før, og spørsmålet «Kvar var du då Henrik vart fødd i Eiksundtunnelen?» er eit spørsmål alle i slekta hans veit svaret på. Sjølv har han ikkje fått tunnelskrekk, snarare tvert om.

– Eg likar å køyre i tunnelar, eg, seier han.

Kvifor det ...?

– Fordi, vel! (Igjen: tydeleg oppgitt over rare spørsmål frå journalisten.)

– Han spør i alle tunnelar: Var det her eg vart fødd?, fortel mora.

Sjølv har Gunn Anette eit litt meir anstrengt forhold til tunnelar, spesielt til Eiksundtunnelen.

– Det er ein lang og mørk tunnel, så eg er alltid glad når eg kjem meg ut av den, seier ho.

Ho rår ingen til å føde i ein bil inne i ein tunnel.

– Men det var spesielt å ta imot sin eigen unge. Dette er absolutt noko ikkje så mange får oppleve, og eg kjende meg heilt trygg.

Bilen som vart fødestove, er framleis i dagleg bruk hos familien Haraldsvik. Ein Ford S Max.

– Det må vere den beste bilen å føde i, ler Gunn Anette.

Ho veit ikkje om andre som har fødd i Eiksundtunnelen, som på den tida var verdas djupaste undersjøiske tunnel.

Også jordmor Ellen Grete Bersås i Ulstein, Hareid og Sande meiner Henrik er den einaste som er fødd inne i sjølve tunnelen.

– Men det er nok fleire som er fødde i ambulansen på veg til sjukehuset, seier ho.

Då Eiksundsambandet vart opna vart det slutt på at dei fødande vart sende i ambulanse med jordmor frå ytre søre Sunnmøre til Volda. Bersås var svært skeptisk til at den såkalla følgjetenesta vart fjerna, men i dag, ti år etter, vedgår ho at det stort sett har gått bra.

– Men det er mange historier om fødande som med naud og neppe har nådd fram til sjukehuset, seier ho.

Tilbake i Varleiteråsa har Henrik leita fram ein gitar han gjerne vil vise lokalavisa. Han er glad i musikk, likar å spele bilspel, tek gjerne mageplask i Ulsteinbadet og likar å vere med på Mini KRIK sine aktivitetar. Framtidsplanen er klar:

– Ja, eg skal verte fotballspelar og politi, fortel han.

9. august fyller han fem, ei heil hand. Då skal nok historia om fødselen forteljast endå ein gong. Og menyen er klar.

– Då skal eg ha racerbilselskap med racerbilkake. Adrian og mamma skal lage, seier han.

Det passar bra for han, som kom til verda i full fart i Eiksundtunnelen.