Då Eiksundsambandet opna var samfunnsforskar og høgskulerektor Jørgen Amdam hovudoppslaget i Møre-Nytt.

– Tenkt stort, tenk skianlegg i Ørsta, fotball i Ulstein og kulturhus i Volda, var overskrifta på intervjuet der Amdam vart utfordra til å sjå framover.

I mellomtida har Jørgen Amdam blitt politikar, og ordførar i Volda. Han kan konstatere at mykje har gått slik han venta, og at det har vore mange positive effektar av sambandet.

– Eiksundsambandet og Kvivsvegen har ført til at vi har klart å berge sjukehuset med alle akuttfunksjonar. Sannsynlegvis vil det vere slik til vi får eit nytt samband over Sulesund til Ålesund, seier Amdam.

Eiksundsambandet har vore bra også for Høgskulen i Volda

– Straks etter opninga såg vi at vi fekk langt fleire studentar frå ytre. Og eg trur dei på ytre har blitt meir bevisste på kva for ressursar vi har på Høgskulen, seier Amdam, som for ti år sidan var rektor ved Høgskulen i Volda.

Kommunegrensene er som før, men mykje er endra.

– Vi fekk ein eksplosjon i det vi kan kalle fritidsreiser gjennom tunnelen, medan det vart mindre endringar på arbeidsreiser. Det store er at folk kan bu på ytre og arbeide i indre, og omvendt. Til dømes har Volda kommune fått både økonomisjef og personalsjef som bur i ytre.

Søre Sunnmøre

Næringslivsaktørar har fått ein større marknad, og offentlege tenester har blitt interkommunale.

– Kommunane samarbeider meir og meir på områda som gir stordriftsfordelar. Tenester som grunnskule, barnehagar og sjukeheimar er framleis kommunale, men så kjem vi over til dei meir avanserte tenestene, der vi må jobbe saman for å få gode løysingar og eit større fagmiljø. Døme på det er IKT, barnevern, og felles legevakt for Søre Sunnmøre.

Her kjem kanskje Stranda inn også etter kvart, trur Amdam. For han ser tendensar til at Søre-regionen breier seg sørover og austover.

– Stranda og for så vidt Sykkylven vert kasta ut av samarbeidet med Ålesund. Dei er for små sjølve og må etablere samarbeid med andre. Det må også Stryn og den nye Stad kommune, med Eid og Selje. Det mest nærliggande er samarbeid i området mellom Nordfjord og Storfjord.

Nedturar

Ikkje alt har gått slik Amdam trudde. Han fekk rett i at fotballsenteret på Søre-Sunnmøre er og blir Ulstein, sjølv etter at Hødd rykka ned. Men Volda har ikkje fått si regionale kulturborg, og skianlegget i Ørsta har ikkje blitt regionalt.

– Det har ikkje med Eiksundsambandet å gjere, men med Kviven. Det ser vi på fredagsstraumen av bilar gjennom Volda og innover til Hornindal og Stryn. Dei ifrå ytre som vi trudde skulle få seg hytter i Ørsta og Volda, dei fer forbi. Det er Kviven si skuld, seier Amdam.

Derimot har Ørsta blitt eit handelssenter i regionen.

– Ørsta har fått det til ganske godt på handelssida, spesielt Amfisatsinga, vedgår Volda-ordføraren, og er snar med å legge til at også Furene i Volda har blitt eit handelssenter.

Betre kommunikasjonar skaper utvikling. Det er Eiksundsambandet eit godt døme på. Men kva vert det neste store steget innan samferdsle?

– For oss i Volda er det Fylkesveg 60 (gjennom Hornindal) og Voldatunnelen.

– Ikkje Hafast?

– Hafast vert for dyrt. Det vil gå minst 40 år før det kjem. Hugs at vi må ha nytt Eiksundsamband også dersom E39 skal gå over Hafast. Standarden på Eiksundsambandet er gammaldags allereie. Det heng saman med finansieringa, at det måtte gjerast billegast muleg.

Ordførar Jørgen Amdam studerer det ti år gamle intervjuet med samfunnsforskar og høgskulerektor Jørgen Amdam. Foto: Svein Aam