Det er nok ikkje mange som har køyrt fleire turar gjennom Eiksundsambandet enn eg, vurderer den humørfylte vartdalingen.

I førarhuset i Vartdal Plast-bilen til vartdalingen er det godt markert at Bjarte er tunnelkonge: Der står to små kledelege, velduftande kongekruner og pyntar opp i bilen, ei herleg finte frå gode kollegaer.

Når vi får vere med på ein tur med Bjarte O. Myklebust, og hoppar om bord ein slapsete, våt vinterdag i den faste bilen han brukar, eit vogntog med ”Bjarte” både i fronten og på sida, kunne vi kanskje gitt sjåføren eit skjerf som han kunne bitte framfor auga. Han hadde nok funne fram likevel, denne røynde sjåføren, til lakseslakteriet på Eggesbønes. Godt over 12.000 turar gjennom jubileumssambandet frå Ørsta til øyane har det vorte sidan Eiksundsambandet stod klart.

Dagleg køyrer Bjarte tre turar frå Vartdal til Herøy via Eiksundsambandet, i alt 42 mil. I høgsesongen vert det ein tur ekstra. Slik er det for 55-åringen som er sjåfør hos Vartdal Plast, og som dagleg stappar bilen full av fiskekasser og lok, 1.620 kasser per tur, slik at laksen får ein stad å vere når han vert send til kundar rundt om i verda.

Dei fleste turane går til det gigantiske lakseslakteriet til Marine Harvest på Eggesbønes, men Bjarte er i sesongtoppane også innom Norva Fisk på Moltustranda for leveransar. Vartdal Plast er storkunde til fiskeribransjen. I tillegg til Bjarte, køyrer også ein annan sjåfør frå selskapet dagleg faste turar til øyane med fiskekasser. Og er behovet ekstra stort, set selskapet inn ein tredje bil. Difor kan det verte opptil femten turar med fiskekasser dagleg for Vartdal-selskapet til øyane.

I løpet av 12.000 turar har Bjarte berre eit par gonger opplevd dramatikk i Eiksundtunnelen. Ein gong fekk han eit stort bilhjul i fronten, slik at tunnelen vart stengd og den eine døra på bilen hans måtte bytast. Under ein annan tur eksploderte eit av dekka på bilen hans.

Bjarte synest at Eiksundtunnelen er litt for bratt for tunge køyretøy med hengar. Men etter at ferja vart lagt ned på Rjåneset, er det meir flyt i køyringa no for Vartdal Plast-bilane, sjølv om turen til øyane via ferje var kortare. Men flyten vert av og til skipla. Den største «plaga» han har som sjåfør gjennom tunnelen, er dei gongane media skriv at fotoboksane har byrja å virke att.

– Då køyrer ukjende bilar saktare med ein gong, fortel Bjarte som er medviten å halde fartsgrensa.

Mørebil

Bjarte har 27 år bak seg som sjåfør på vegane. Han starta i Mørebil i 1990, og køyrde lokalt dei første åra. Dei ni siste åra handla det om køyring til Oslo med Nattekspressen. Så melde ryggproblema seg. Å ligge i tronge bagasjerom og laste og losse koffertar var noko ryggen hans likte dårleg. Bjarte fann ut at han burde få seg ein annan jobb, og i september for ti år sidan fekk han sjåførjobb på Vartdal Plast. Det er han svært glad for. No har han fri alle helgar og søv heime i si eiga seng på Vartdal kvar natt.

– Betre arbeidsgivar enn Vartdal Plast kan eg ikkje ha. På ”Plasten” styrer eg dagane sjølv, systemet er veldig fleksibelt, og etter periodar med lange dagar får eg høve til å ta fri viss behovet er der, fortel Bjarte nøgd.

Det obligatoriske spørsmålet melder seg: Blir ikkje denne mannen lei av å køyre Eiksundsambandet?

– Jau, av og til vert eg det. Men eg koplar ut og tenkjer ikkje så mykje over at eg køyrer. Eg var langt meir lei av å køyre buss gjennom Gudbrandsdalen. Det kunne vere keisamt, fortel Bjarte.

Han er ikkje i tvil:

– Eiksundsambandet er ein suksess, og det gagnar bedrifter i begge endar av sambandet. Tunnelen har auka pendlinga begge vegar, og det dryp mykje positivt på handelsnæringa som følgje av sambandet, ikkje minst i Ørsta og Volda. Det er jo meir lettvint for folk på Eiksund å køyre til Volda og Ørsta på handel enn å køyre til Ulsteinvik, konstaterer Bjarte.

– Det vert ikkje mykje trim av å køyre heile dagane?

– Å, jau, eg har skritteljar som viser at eg går 13.000 steg kvar dag. Så viss nokon trur eg berre sit på ræva i bilen, tek dei grundig feil, humrar tunnelkongen Bjarte.