Eiksundsambandet opna i februar 2008. Dermed vart dei indre delane av søre Sunnmøre knytt tettare saman med øyane i ytre. Dette gjorde det også enklare å pendle mellom kommunane på søre Sunnmøre, sidan ein ikkje lenger var avhengige av ferja mellom Eiksund og Rjånes.

Men korleis har Eiksundsambandet påverka pendlinga?

Dobling frå Ørsta og Volda

I Ulstein merka ein auka innpendling frå både Ørsta og Volda ganske raskt. i 2007 var det 55 personar som pendla frå Volda til Ulstein, medan det allereie året etterpå var 82. I 2007 pendla 95 personar frå Ørsta til Ulstein, men dette auka til 126 i 2008. Både frå Volda og Ørsta heldt talet på pendlarar til Ulstein fram med auke heilt til 2014. Då var det heile 134 personar frå Volda og 194 frå Ørsta som pendla til Ulstein. Meir enn ei dobling frå 2007.

I Hareid kommune har ein ikkje merka endringane like godt som i nabokommunen. Rett nok opplevde ein nesten ei tredobling i talet på pendlarar frå Volda om ein samanliknar 2007 med 2014, men samstundes kraup talet på pendlarar frå Ørsta sakte, men sikkert nedover fram til 2014, før det gjorde eit lite byks igjen i 2015. Då var det pendlarane frå Volda som svikta Hareid, og i 2016 var ein nesten tilbake på nivået frå 2007.

Snur mot indre?

Og dei siste åra har både Ulstein og Hareid hatt ein svikt i innpendlinga frå Volda og Ørsta. Nedgangen er ikkje dramatisk verken i Ulstein eller Hareid, men det er tydleg at utviklinga har snudd dei siste åra etter fleire år med oppgang i innpendlinga frå indre.

No ser det i staden ut til at fleire pendlar frå ytre til indre. Spesielt i Volda merka ein at det vart enklare å pendle frå Ulstein og Hareid etter opninga av Eiksundtunnelen, men her gjekk ikkje utviklinga like raskt som frå indre til ytre. Til dømes var det 43 personar som pendla frå Ulstein til Volda i 2007. Året etter auka dette til 55, men etter at det gjekk opp til 57 i 2009 var ein nede på 49 igjen i 2011. Sidan den gong har talet på personar busett i Ulstein som pendlar til arbeid i Volda meir enn dobla seg, og i 2016 var ein heilt oppe i 107. Talet på pendlarar frå Hareid til Volda har også auka, frå 26 i 2007 til 44 i 2016, men også her har det vore litt opp og ned.

Ned i starten

For bedriftene i Ørsta såg ikkje Eiksundsambandet ut til å få den store effekten i starten. Faktisk gjekk talet på pendlarar frå Ulstein ned dei to første åra etter at tunnelen opna. i 2009 var det 25 personar som pendla frå Ulstein til Ørsta, men sidan den gong har ein opplevd ein solid auke og frå 2011 låg ein fleire år på rundt 50 pendlarar, før talet steig til 61 i 2016. Det er meir enn ei dobling av innpendlinga frå før sambandet vart opna.

Den same utviklinga har det ikkje vore i talet på pendlarar frå Hareid. Dei første åra etter at Eiksundsambandet opna var det rett nok fleire år med ein auke i innpendlinga til Ørsta, men etter toppåret i 2012 har talet på pendlarar sokke. Frå ni pendlarar frå Hareid til Ørsta i 2007 var det 11 frå Hareid som arbeidde i Ørsta ni år seinare.

Ulstein har lenge vore av kommunane med størst innpendling, men har dei siste åra blitt passert av både Skodje og Ørskog. Også Volda har dei siste åra hatt ein auke i delen av dei sysselsette som pendlar inn til kommunen og det er no berre fire kommunar i fylket som har større innpendling.

Tala er henta frå Fylkesstatistikken 2008 til 2017.