– Det er både rart og uforståeleg at fylket i staden vil bygge ut sitt eige energianlegg, seier dagleg leiar Øyvind Amdam.

Han viser til at fjernvarmeanlegget i Ulstein har offentleg støtte frå Enova, som er eit statleg selskap.

– Ja, eg synest det er merkeleg at fylket ikkje vil bruke det systemet storsamfunnet støttar. Vi ligg nærast og skrapar på dørstokken til skulen, seier Amdam, som får støtte frå styreleiar Erik Andreassen.

– Eg ser ikkje logikken i det fylket har planlagt, seier han.

Amdam og Andreassen møter Vikebladet Vestposten ved energisentralen, som ligg mellom Ulsteinhallen og den vidaregåande skulen.

I mange år

Dei to fortel at fjernvarmeselskapet har jobba i snart fem år for å få Møre og Romsdal fylkeskommune som kunde. Til dømes har dei snakka til fylkesutvalet, saman med politisk og administrativ leiing i Ulstein kommune.

I april i fjor behandla fylkestinget ei sak om energi- og klimatiltak i fylkeskommunale bygg. I vedtaket står det at «Fylkeskommunen skal vurdere å nytte eksisterande opplegg til vassboren varme der dette er tilgjengeleg.»

– Det burde ha stått «skal nytte» i staden for «skal vurdere å nytte», meiner Amdam.

Har ikkje gitt opp

Energisentralen i Høddvollområdet er planlagt med eit byggesteg to, men det er høgst usikkert om det vert noko av no når fylket seier nei.

– Vi har ei veldig miljøvenleg løysing, og infrastrukturen i grunnen her er på plass allereie, seier Erik Andreassen.

– Viss fylket har 2–3 millionar kroner å bruke, kvifor bruke det på ei løysing som konkurrerer med oss? Kvifor ikkje bruke det på andre miljøtiltak på skulen som reduserer energi- og driftsutgifter?, spør Amdam, og held fram:

– Vi legg ikkje skjul på at vi treng fylkeskommunen som kunde, så vi har vel ikkje gitt heilt opp.

Kor dramatisk er dette for økonomien i selskapet?

– Resultatet for 2017 kjem først om eit par månader. Men det er klart, fjernvarme er ingen kortvarig lukrativ business, det er ei langsiktig satsing. Det må gjerast investeringar og byggast anlegg og infrastruktur før kundane og inntektene kjem, seier Erik Andreassen.

– Merkeleg: – Eg synest det er merkeleg at fylket ikkje vil bruke det systemet også storsamfunnet støttar, seier dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme, Øyvind Amdam. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem