I alt var tre menn frå Litauen tiltalte i saka. Dei vart arresterte rett etter at kvinna melde frå om valdtekt, og dei sat i varetekt til rettssaka starta. Berre den eine, ein 39-åring, vart funnen skuldig. I slutten av januar vart han i Søre Sunnmøre tingrett dømd til å sone fem år og ein månad i fengsel.

Ein 29 år gamal mann vart frikjend. Den tredje tiltalte, ein 21 år gamal mann, vart også frifunnen for valdtekt. Men han vart dømd til 120 dagar i fengsel for seksuell handling mot kvinna.

39-åringen har allereie anka domen til lagmannsretten.Statsadvokat Magne Nyborg fortel at påtalemakta no har bestemt seg for å anke dei to frifinningane. Ankesaka kjem opp i Frostating lagmannsrett i Ålesund 4.-8. juni.