Han er tidlegare Herøy-ordførar, områdesjef i heimevernet, tiltakssjef, samferdslepådrivar og mykje meir. Knut Nærø blir gjerne titulert som «Eiksundsambandets far», ein tittel han sjølv likar ganske godt.

– Vel, det er jo sant då, seier han humrande.

Underteikna tok med mannen som i år fyller 96 år på ein liten mimretur til sambandet han har via store delar av livet sitt til. Det i tillegg til ei rekkje andre samferdselsprosjekt i regionen vår, til dømes Herøybrua.

Med sidan starten

På veg mot sambandet, som førstkomande fredag har knytt saman ein stor bu- og arbeidsmarknadsregion i ti år, hadde Knut Nærø mange gode historier å fortelje.

Som til dømes at han hadde kontakt med 13 statsrådar, 4 vegdirektørar, 5 vegsjefar og fleire titals ordførarar gjennom sine 30 år som styreformann i Eiksundsambandet AS.

Alt på 1950-talet kom ideen om å byggje eit ferjefritt samband mellom øyane på Søre Sunnmøre og fastlandet. 17. oktober 1978 vart prosjektorganisasjonen AS Eiksundbrua skipa.

Seinare blei det klart at det skulle byggast tunnel og ikkje bru for å krysse Vartdalsfjorden, og i 1993 skifta selskapet namn til Eiksundsambandet AS.

Heilt sidan starten var Knut Nærø involvert i prosjektet som varaformann, og då første leiar Olav B. Urke døydde i 1979, tok han over formannsvervet. Det hadde han heilt fram til Eiksundsambandet opna, 23. februar 2008.

– Det har vore ei fantastisk reise dette, og sjølv om ho er over med tanke på Eiksundsambandet AS, er det fleire viktige samferdsleprosjekt å fokusere på for andre i åra framover. Eg håper eg får sjå fleire lukkast,

Fekk telefon frå Bondevik

Etter mange år med hardt arbeid, og med god hjelp frå villige kommunar og ikkje minst næringslivet, med Idar Ulstein i spissen, kom beskjeden alle hadde venta på, på starten av 2000-talet.

Knut fortel at han fekk beskjeden om at regjeringa hadde løyvd pengar til Eiksundsambandet gjennom ein telefon frå sjølvaste statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF).

– Det skjedde heilt tilfeldig då eg sat i intervju med ein journalist på kontoret mitt på Nærøya. Bondevik sa at regjeringa hadde funne pengar til prosjektet vårt. Du kan seie eg blei glad, seier Knut Nærø.

– Men, vi fekk berre pengar dersom distriktet dekka 30 prosent av kostnaden. Det kom ikkje på tale, og eg fekk det etter kvart ned til 25 prosent, seier han flirande.

Måndag 24. februar 2003 starta anleggsarbeidet opp.

Frå gal til genial

Nokre få spaltecentimeter i ei avis blir alt for liten plass til å fullt ut beskrive kva innsatsen til Knut Nærø og fleire med han har hatt å seie for det som i dag er eit samband som sikrar ein pulserande bu- og arbeidsmarknadsregion.

– Det er rart med det, men eg hugsar godt kor mange som meinte eg var gal som heldt fram med tanken om å få på plass eit slikt samband. Mange av desse har nok skifta meining etter at sambandet har eksistert i ti år, og tilført denne regionen enormt mykje, i form av raskare kommunikasjonsvegar og mykje anna. Eg er evig takksam for at eg fekk vere ein del av dette, og for all den gode hjelpa eg har fått frå så mange. Så håper eg at også andre eldsjeler gjer som meg. Eg gav meg ikkje, og sjå kva det førte til, seier Knut Nærø til slutt.