Hafest vart forferda då dei las i lokalavisa kva planar Fjord1 har for ferjeleiet i Hareid kommune. Torsdag var det samla til møte, og dei planlagde ombyggingane av Hareid ferjekai vart diskuterte med stort engasjement.

– Hafest er skipa for å gjere Hareid sentrum meir attraktivt for folk. Dette er det stikk motsette, seier Arild Grimstad i Hafest.

For å leggje til rette for el-ferje har Norconsult søkt på vegner av Fjord 1 om å føre opp to batteribygg i betong langs fjorden, 25 og 16 meter lange, 3–4 meter høge og 4–5 meter breie. I tillegg skal det kome eit tolv meter høgt ladetårn.

– Hafest tar sterkt avstand frå desse batteribygga i betong, både dimensjonane og utføringa. Dei vil øydeleggje sikta og lukke sentrum frå fjorden, seier Grimstad.

Vil opparbeide grøntområdet

Vidare legg han til at betongbygga vil rasere det opparbeidde grøntområdet.

Hafest og vegvesenet har i samarbeid laga ein plan om å oppgradere dette området, men den planen er sett på vent for å sjå kva som no skjer med området. Kjem betonghusa nede langs fjorden vil det øydeleggje for planane deira om å forskjønne området.

– Det er ei perle å gå der langs sjøkanten i finvêr, slår Grimstad fast.

Når Vikebladet Vestposten er der for å ta bilete skin sola, og fleire går tur langs sjøkanten.

Må tenkje på miljøet på land også

Han forstår at det må ombyggingar til på land for å gjere ferjetrafikken meir miljøvenleg, men han meiner at ein må tenkje på miljøet i Hareid sentrum også.

Bør sjå etter andre løysingar

Hafest deler skepsisen til Statens vegvesen, og meiner Hareid formannskap bør krevje at Fjord 1 nyttar andre løysingar for å leggje til rette for el-ferje.

– Betongkonstruksjonar som forringar sentrum er det siste me treng i Hareid. Desse bygningane kjem sikkert til å stå i mange tiår, seier Grimstad engasjert. Han forstår at det sikkert byrjar å få hastverk for å leggje til rette for el-ferjene som skal byrje å gå frå nyttår, men meiner at det likevel er viktig at dei byggjer noko skikkeleg.

Hafest: Arild Grimstad og resten av Hafest har lite til overs for planane til Fjord 1. – Ein må tenkje på miljøet i Hareid sentrum også, meiner han. Foto: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem